Karoline (t.v.) køyrer framleis Toyota i NM. Konkurransen har blitt hardare, men ho tok seg til A-finale i første NM-runde i Skien i helga. (Privat foto)
Karoline (t.v.) køyrer framleis Toyota i NM. Konkurransen har blitt hardare, men ho tok seg til A-finale i første NM-runde i Skien i helga. (Privat foto)

God sesongstart av Karoline og Kristian

Karoline køyrde seg opp til A-finale i første NM-runde i rallycross, Kristian tok 2. plass i C-finalen i bilcross.

Kjetil Vasby Bruarøy
23. mai 2016 - 9:03

I månadsskiftet april-mai gjekk første runde i vestlandsmeisterskapen av stabelen i Vikedal.

Kristian Breivik Gjøen køyrde inn på 2., 3. og og 5. plass i innleiande rundar og fekk 3. spor i C-finalen.

Han leia C-finalen ei stund, men landa på 2. plass, totalt 12. plass av 24 startande.

Karoline, som har oppgradert til Volvo med 340 hk, bruker vestlandsmeisterskapen til å bli vant med bilen (mens ho framleis køyrer Toyota i NM).

– Det er veldig stor forskjell å køyra bakhjulstrekk, men eg byrjar å bli litt vant med det, seier Karoline, som køyrer rallycross.

Les òg: Sesongstart med 340 hk

Ho kom inn på 1., 3. og 4. tid av tre deltakarar og fekk 3. spor i A-finalen.

NM-runde i helga

Første NM-runde i rallycross var i Skien no i helga.

Etter 4., 5., 5. og 6. tid i innleiande, av 14 deltakarar, fekk Karoline beste spor i B-finalen.

Der køyrde ho seg opp til A-finale der ho landa på ein meir enn godkjent 6. plass.

– Det er mange nye bilar i klassen i år og nivået har blitt mykje høgare, så eg er veldig nøgd med å kvalifisera meg til A-finalen, seier Karoline.

Ho er ikkje heilt nøgd med bilen, der skal det bli jobba med «den siste gneisten» før neste NM-runde, som går på Gardermoen neste helg.

Les meir om

Sport Motorsport