Sport | 04. mars 2023

God start på UM i friidrett

Frida Steinsland persa og tok bronse.

Pallen på tresteg, Frida til høgre. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. mars 2023 10:56

Denne helga blir innandørs-UM i friidrett arrangert i Ulsteinvik.

Frå Os Turn deltar Frida Steinsland (15), Sondre Pedersen Matre (G15) og søsknene Synne Hjertaker (J15) og Martin Hjertaker (18).

Jennie Bos (J15) frå Lysefjorden, som no deltar for Fana, er også blant deltakarane i UM.

Frida under Oslekene i september i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Buarøy)

Frida Steinsland fekk ein veldig god start på UM.

Ho persa med 10,39 i tresteg (førre pers var 10,35) og fekk bronse i konkurranse mot ni andre på denne øvinga.

Her er Sondre Pedersen Matre i gang med forsøket på 60 meter:

Sondre kom på 2. plass i sitt heat og 6. plass totalt av 25 utøvarar i forsøket på 60 meter.

No ventar semifinalar.

Synne persa med 8,67 (førre pers var 8,68) på 60 meter, noko som heldt til 11. plass av 17 deltakarar i forsøket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.