Sport | 11. juli 2021

– Dette lover bra for den travle haustsesongen

Runda av vårsesongen med fleire bestenoteringar.

– Dette lover bra for den travle haustsesongen
F.v.: Martin Hjertaker G16, Malin Dale J19, Thea Osvold Hausberg J17, Julie Dyrli J14, Synne Hjertaker J13, Nora Berge Steinsland J10, Frida Berge Steinsland J13 og Sondre Pedersen Matre G13.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. juli 2021 10:40

Måndag 5. juli var det tid for Askokarusellen i Arna idrettspark.

Dette var siste stemne før fellesferien.

Os Turn Friidrett stilte med desse åtte deltakarane:

  • Nora Berge Steinsland J10
  • Frida Berge Steinsland J13
  • Synne Hjertaker J13
  • Sondre Pedersen Matre G13
  • Julie Dyrli J14
  • Martin Hjertaker G16
  • Thea Osvold Hausberg J17
  • Malin Dale J19

Dei deltok i desse øvingane: 60 m, 100 m, kule og høgde.

– Med 20 gradar, sol og medvind låg det til rette for gode resultat.

– Dessverre blei det litt for mykje vind i periodar, så nokre av dei gode resultata blei ikkje godkjente, seier trenar Sindre Steinsland.

Søsknene Hjertaker i høgda

Søskene Hjertaker, Martin og Synne, viste fine takter i høgde.

Synne hoppa 1.30 og fikk 2. plass. Ho har hoppa 1.37 tidlegare i år.

Broren Martin er i fin form om dagen. Han hoppa 1.80 og reiv hårfint på 1.85.

– Matta var lita, og fokuset på å landa på denne matta stal kanskje litt for mykje av merksemda til utøvarane, då det var fare for å landa på kanten og skli av.

Kasta kule 2 cm frå UM-kravet

I kulesvingen på motsett side markerte Os seg sterkt. Der blei det ny personleg bestenotering på alle frå Os.

Thea Osvold Hausberg betra persen sin fra 10.17 m til 10.48 m.

– Ho er no berre 2 cm frå UM-kravet på 10.50. Det betyr at Thea har god sjanse tilå klara kravet over sommaren, seier Steinsland.

Thea O. Hausberg, her med spyd på Kuventræ i juni, er blant jentene som har blitt betre å kasta i år. (Foto: KVB)
Thea O. Hausberg, her med spyd på Kuventræ i juni, er blant jentene som har blitt betre å kasta i år. (Foto: KVB)

Malin Dale J19, som støyter med 4 kg kule, har også hatt fin framgang i kastøvingar i år.

– Ho persa med 8.45 meter.

Julie Dyrli J14 var første gong over 6 m i konkurranse då ho kasta 6,20.

Seinare i veka persa ho igjen med 6,37 m under eit lokalt stemne heime på Kuventræ torsdag.

Pedersen Matre med eit løp det lukta svidd av

Sondre Pedersen Matre viste storform på både 60 m og 100 m .

– Spesielt 100-meteren lukta det svidd av, seier trenaren.

Sondre persa på både 60 meter (8,36) og 100 meter (13,26), men dessverre i litt for mykje medvind, så tida ikkje går inn i statistikken.

2:40 ut i denne videoen ser du Sondre fossa frå konkurrentane på 100 meter:

To jamne 13-åringar

Både på 60 meter og 100 meter jenter 13 var det fin duell mellom treningsvenninnene Synne og Frida frå Os.

– På 60 m løpte begge under pers (Frida på 9.05, Synne på 9.16), men dessverre i 0,1 for mykje i vindstyrke. Begge viser fin framgang!

I same heat deltok også Victoria Madelen Bekken, som har beste tid på 60 m for J13 i Vestland i år. Ho kom i mål på 8.64.

På 100 meter var rekkefølga snudd mellom Synne og Frida. Då trekte Synne det lengste strået med 14.90 og Frida hadde 14.92.

– Det er kjekt når vi har to jamne i same klubb, som pushar kvarandre både i konkurransar og på trening.

Nora Berge Steinsland J10 var einaste rekrutt fra Os.

Ho løpte ein god 60 m, og fekk ny årsbeste med 10.60.

– No tar vi ein liten pause med konkurransar, og går inn i ein treningsperiode i fellesferien før det brakar laus med stemne i august igjen.

– Det blir tett program utover, då mange av dei store stemna som normalt blir arrangert på våren er flytta til over sommaren, fortel Sindre Steinsland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.