Sport | 21. apr. 2013

God start for Ulvenmarsjen

Marsjdeltakar nummer 25.000, og over 200 andre, gjekk rundt Ulven i går. I dag er det ny sjanse til å delta på Ulvenmarsjen nummer 35.

God start for Ulvenmarsjen
Marsjdeltakarar som nærma seg saftstasjonen på Skeie laurdag. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. apr. 2013 08:28

Ulvenmarsjen, som i år blir arrangert for 35. gong, passerte, som arrangørane hadde rekna med, marsjdeltakar nummer 25.000 på desse 35 åra.

Les òg: Kven blir nr 25.000?

– Camilla Kippersund Eide (28), som deltok på Ulvenmarsjen for første gong, blei deltakar nummer 25.000, fortel Erling Andersen frå Søfteland TIL.

Camilla fekk ein Oselvar i miniatyr, laga av Eldbjørg Hatleli, i premie.

Eldst også i år?

Blant deltakarane laurdag gjekk også Lise Lotte Skeie. Ho har gått marsjen 8 gongar, 6 av dei som eldstemann.

– Om ikkje det kjem nokon i dag som er eldre enn 88 år så er Lise Lotte eldst i år òg.

– Fleire enn i fjor

Laurdag var det 215 startande på Ulvenmarsjen, mot 157 i fjor.

– I 2012 var det 157 startande om laurdagen og 280 om søndagen. Kanskje blir det jamnare fordelt på dei to dagane i år, men 215 i går er uansett ein god start, synest Andersen.

Laurdag var det start klokka 14.00, i dag var det start klokka 10.00, men så lenge du kjem i mål innan klokka 15 vel du sjølv kor tid du vil starta på den 14 kilometer lange løypa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.