Godkjende 150 nye bustadar ved Os sentrum
Tre tiltakshavarar kan no gå i gang i Osstølen, mellom Os sentrum og Osmarka.
På ei solrik og sentrumsnær tomt i Osstølen, mellom Sveo og Klokkargarden, som Opplysningsvesenets Fond eig, vil dei tre utbyggarane Block Watne, Bjørn Døsen AS og Clemens Eiendom bygga til saman rundt 150 bustadar.
Planen blei første gong lagt ut i for høyring i januar 2013.
I april i år blei planen, og ein «nyoppdaga» skogsveg, diskutert i plan- og bygningsutvalet. I staden for å fletta denne inn i planen, noko som ville sendt planen ut på ny høyring, kan denne vegen seinare bli omsøkt tilpassa som ei mindre endring av planen.
Samrøystes godkjent
Planen, som uansett skulle vidare til endeleg godkjenning i kommunestyret, var i går oppe til behandling.
Administrasjonen sitt framlegg til vedtak:
Med heimel i Plan-og bygningslova §12-12 og 12-14 vedtar Os Kommunestyret framlegg til endringar i plan for Osstølen – Sveo, planID 19740104, plankart sist revidert 14.03.2018 og føresegn sist revidert 08.05.2018. Planforslaget er i all hovudsak i tråd med overordna mål og prioriteringar for arealplanlegging i Os kommune. Forslag til føresegn revidert 08.05.2018 opphever og erstattar i sin heilskap føresegn til gjeldande planar for Osstølen (Sveo),planID 19700102 og 19700103.
Ingen var imot at Siren Tømmerbakke (Sp) var ugild, då ho og garden hennar har slår graset på tomta. Trine Ludvigsen steppa inn.
Den einaste som ba om ordet var Tryggve Lillestøl (KrF), men berre for å nemna ein teknisk detalj i rekkefølgja på nokre ord i sakspapira.
Planen blei samrøystes godkjent.
– Glad for å vera i mål
– Det har tatt tid, men no er vi glad for at prosessen er over, seier Bjørn Døsen.
Han var sjølv i møtesalen i går og såg planen blei godkjent.
– Kva skjer vidare no?
– Førebels kan eg ikkje seia så mykje meir. Vi skal ha nokre møte dei komande vekene, og i juni er det klart korleis vidare framdrift blir.