Politi | 04. nov. 2021

Godt nøgd etter kontroll på Halhjem

Vegvesenet delte ut to gebyr, men gir ros for resten av det dei såg.

Godt nøgd etter kontroll på Halhjem
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. nov. 2021 07:23

Statens vegvesen hadde onsdag kveld tungbilkontroll på Halhjem fergekai.

Totalt var 25 tunge køyretøy innom kontrollplassen.

– Alle desse vart kontrollert for begjæringar og vinterutrustning, fortel Knut Sylta frå Statens vegvesen.

21 av desse 25 blei det tatt ein nærmare kontroll på.

Det blei 5 mangellappar for ulovlege markeringslys i front, éi åtvaring for brot på køyre- og kviletid og eitt gebyr på 1000 kroner for brot på køyre- og kviletid. Her fekk også firmaet eit gebyr, dette gebyret er på 2000 kroner.

Eitt firma blei rapportet inn til foretakskontrollen grunna brot på køyre- og kviletid.

– Dei aller fleste vi kontrollerte i kveld hadde ting i orden.

– Alle hadde også gode dekk og korrekt mengde kjettinger med seg, og totalt sett er vi veldig nøgde med kveldens kontrollresultat, skriv Sylta i rapporten sin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.