Politi | 04. nov. 2021

Stakk frå rekninga på restaurant

I tillegg blei det gjort fleire beslag under ransaking.

Stakk frå rekninga på restaurant
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. nov. 2021 07:12

Onsdag i 15.30-tida fekk politiet melding om ein person som hadde gått frå rekninga på ein serveringsstad i Os sentrum.

– Forholdet blei meldt. Vedkomande har ikkje adresse i Os, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Fire timar seinare, i 19.30-tida, møtte patruljen ein mann og ei kvinne som begge framsto som rusa.

– Det viste seg at det var desse to som hadde gått frå rekninga på restauranten. Dei lovde å gå tilbake og gjera opp for seg.

Fekk tull med sal av bil

Klokka 15.42 onsdag blei politiet kontakta av ein som hadde selt ein bruktbil.

Kjøpar hadde ikkje godkjent omregistreringa.

– Dermed står seljar igjen med ansvar, blant anna for forsikring.

– Vi vil oppfordra alle som sel bil å setja seg inn i framgangsmåten, så ikkje dei risikerer å hamna i situasjonar som denne.

Tok fleire beslag under ransaking

Litt før klokka 20 onsdag kveld møtte patruljen ein mann som gjekk med ein pistol-liknande gjenstand. Han framsto som rusa og oppførte seg på ein måte som blei oppfatta som merkeleg.

– Det blei gjennomført ransaking av bustad. Her fann patruljen ulike ulovlege gjenstandar som det blei tatt beslag i.

Politiet seier ikkje meir om kva type ulovlege gjenstandar det er snakk om.

– Det er også oppretta sak.

Støy og stans

Klokka 18.40 fekk politiet melding om køyretøystans på Lepsøyvegen.

Då dei kom til staden hadde det allereie løyst seg.

Litt før klokka 20 kom det klage på støy. Meldar har barn som ikkje fekk sova grunna høgmusikk frå naboen.

Naboen dempa ikkje musikken før klokka 23.

– Vi følgjer opp i det forebyggande sporet, seier Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.