Båt og sjøliv | tre timar sidan

Gratis lån av oselvar: Nytt tilbod startar i dag

Har du lyst å finna roen i ein robåt? Oselvarlaget startar «TorsdagsRo».

Gratis lån av oselvar: Nytt tilbod startar i dag
Ungdomsskuleelevar får testa oselvarar, som her i 2022. No er det kven som helst sin tur. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. apr. 2026 10:09

I Bergen har dei «Den Store Roen», arrangert av Bergen kystlag, Sandviken kystlag og Vestland fylkeskystlag, som i år glir ut Byfjorden 22. og 23. august.

I dag får Os sin eigen «TorsdagsRo».

Arrangør er Oselvarlaget, målet er å gjera nasjonalbåten meir tilgjengeleg, å auka bruken av oselvarar.

– Kvar torsdag fram til slutten av juni, med unntak av 28. mai, vil det vera gratis å låna båt.

– Vi har folk i Oselvarnaustet som deler ut redningsvestar og årer, og så er det berre til å ta seg ein tur, seier styremedlem Ingebjørg Engel Astrup.

Kanskje finn du ro-en, kanskje vil du ha det ro-mantisk? Båtane ligg uansett klare i Oselvarhopen ved Oselvarnaustet. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kanskje finn du ro-en, kanskje vil du ha det ro-mantisk? Båtane ligg uansett klare i Oselvarhopen ved Oselvarnaustet. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

Om vêret er dårleg er naustet likevel ope.

– Då er det berre til å koma innom for ein båtprat, seier Ingebjørg.

Ho har med seg Tonje Næsheim og Geir Jonassen på tiltaket.

– Vi køyrer TorsdagsRo ut juni. I juli er målet, som i fjor, å ha ungdomar på vakt for å låna ut oselvarar gjennom ferien, seier Geir.

– Om du vil ro andre dagar, så er det berre til å melda seg inn i Oselvarlaget. Prisen er låg, og medlemsskapet gir deg rett til fri bruk av båtane heile året, legg han til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?