Fritid | 29. mai 2021

Nesten 600 påmeldte til sommarskulen

– Vi er veldig nøgde med responsen, men køyrer nok ei lita utlysing til.

Nesten 600 påmeldte til sommarskulen
Per Olav Sørås, her i god tid før sommaren. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. mai 2021 09:35

Frå forsking, teikning og song til aktivitetar på sjøen, i lufta og på skatebanen - med midlar frå Staten inviterte Bjørnafjorden firma og frivillige lag til å setja opp ei veke med aktivitet.

Resultatet blei 18 gratis kurs for ungar og ungdom frå 5. til 10. klassetrinn i dei første vekene i sommarferien.

Så var det lansering av programmet og opning av påmelding. Onsdag 26. mai gjekk fristen ut.

– Responsen har vore kjempegod! Vi har fått nesten 600 søknadar, seier sommarskulerektor Per Olav Sørås i Bjørnafjorden kommune.

Pilotskulen til Os Aero Klubb og journalistskulen til Os & Fusaposten blei raskt fullteikna. Det same gjeld «Musikalgøy», Forskefabrikken sin sommarlab og Livredningsselskapet sitt kurs for barneskuletrinnet.

– Har alle fått eit tilbod?

– På ungdomstrinnet har alle fått 1. eller 2. valet sitt, med mindre dei hadde flyskule og media som einaste to val. Nokre hadde berre eitt eller to ønskje, men vil kanskje delta på noko anna, om dei får tenkt seg om.

– Kva med kurstilbodarane, har dei fleste fått deltakarar?

– Med 600 søkjarar til 700 plassar er det fordelt veldig bra. Nokre kurs sto på søkjarane sine 3. val, men søkaren fekk gjerne 1. eller 2. valet.

Sørås med mannskap er godt i gang med å sortera og plassera. Søkjarane får svar innan 6. juni.

– Nokre kurs blir fjerna, andre kjem i ny utlysing no over helga, der vi viser kva som er ledig og tar innsøkjarar i ein runde nummer to.

– Det vil truleg bli nokre kroner til overs. I så fall vil vi bruka desse til å setja opp eit program for haustferien.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.