Kultur | 17. mai 2019

Gratulerer med dagen, Os!

Feiringa er i gong - i dag kan det vera lurt å pakka med solkrem.

Gratulerer med dagen, Os!
Os Musikkforening starta feiringa med å spela i Finnebrekka/ Solstrandsvegen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 17. mai 2019 06:03

Bildeserie:

Flagget er på plass. (Foto: KOG)
Flagget er på plass. (Foto: KOG)
God stemning og morgonglade fjes i Os Musikkforening. (Foto: KOG)
God stemning og morgonglade fjes i Os Musikkforening. (Foto: KOG)
Vêret spelar på lag med Os i dag. (Foto: KOG)
Vêret spelar på lag med Os i dag. (Foto: KOG)
1 av 3
Flagget er på plass. (Foto: KOG)
God stemning og morgonglade fjes i Os Musikkforening. (Foto: KOG)
Vêret spelar på lag med Os i dag. (Foto: KOG)

På slaget klokka 07.00, tradisjonen tru, spelte Os Musikkforening frå Finnebrekka/Solstrandsvegen.

Det var ikkje kø om plassane, men for dei oppmøtte vart det er flott stund saman med ein morgonfrisk Os Musikkforening i strålande morgonsol.

- Se dette innlegget på Instagram

#osnettno Gratulerer med dagen, Os! Programmet starta med, tradisjonen tru, Os Musikkforening i Finnebrekka.

Et innlegg delt av Midtsiden.no (@midtsiden) Mai 16, 2019 kl. 10:08 PDT

Programmet vidare

Dei neste timane går det slag i slag i Os sentrum:

10.00 Gudsteneste i Os kyrkje v/ seniorprest Knut Ivar Askeland. Os Mannskor syng.

10.00 - 12.00 Eige arrangement i Tropehagen på Luranetunet. Os Musikkforening spelar kl. 10.00.

Tale ved Tor Inge Døsen. Os Spelemannslag underheld. Hjarteleg velkomen til bebuarar, pårørande og vener av Luranetunet.

11.00 Minneparken. Tale ved ordførar Terje Søviknes. Os Mannskor syng.

11.30 Oppstilling til prosesjon på grusbanen ved Os ungdomsskule

12.00 Korpsa spelar «Ja, vi elsker» før toget går.

Prosesjonen går ut frå grusbanen, opp Landboden og over gamlebrua til Finnebrekka. Ut Finnebrekka, vidare ned Hatvikvegen over Osbrua. Til høgre inn Brugata, gjennom sentrum, til høgre ved Legangerbygget / Nordisk Rom og inn på Kyrkjeflaten.

13.00 - 14.00 Arrangement på Kyrkjeflaten.

Her kan du lesa heile programmet for Os, krins for krins.

Og ja; vêret speler på lag med oss i dag - hugs solkrem!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.