Samferdsle | 03. juni 2024

Gymnasvegen vert stengt

Skal setta ned ny vasskum og kopla saman vassleiningar.

Gymnasvegen vert stengt
Gymnasvegen blir stengt for inn- og utkøyring.
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesmandag 03. juni 2024 12:57

I samanheng med arbeidet i Byvegen, vert no Gymnasvegen stengt for inn- og utkøyring.

Kommunen arbeidet med å skifta hovudleidning for vatn.

– Vegen må stengast grunna arbeid med nedsetting av ny vasskum og tilkopling til vassleidning i Gymnasvegen, opplyser Siril Langhelle, prosjektingeniør i Bjørnafjorden kommune.

Førebels er stenginga planlagt i to veker, fram til 14. juni.

– Forhold på staden vil kunna påverka varigheita for stenging, om det skjer vil vi senda ut ny melding, fortel Langhelle.

Det har sidan måndag 12. februar vore eitt køyrefelt stengt og lysregulering frå avkøyrsla til Kiwi Idrettsvegen og fram til avkøyrsla til Gymnasvegen.

Arbeidet er planlagt å halda fram til 5. juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.