Samferdsle | 27. apr. 2024

– Ulovleg køsniking skaper farlege situasjonar

– Dei som skal ut frå Gymnasvegen har fått seg nokre aha-opplevingar.

– Ulovleg køsniking skaper farlege situasjonar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 27. apr. 2024 07:33

Arbeidet på Byvegen med utskifting av hovudvassleidning mellom Gymnasvegen og Idrettsvegen, som starta 13. februar, fører til at det eine feltet er stengt, det andre er regulert med lys.

Midtsiden-redaksjonen har ikkje fått klage på lysa, slik vi fekk då det var regulert ved Vallabrua for eit par år sidan, men på bilistar som trur dei sparer tid på å køyra «rundt lysa».

Fleire bilistar på veg ut frå Gymnasvegen, både elevar og folk som bur der, fortel at dei har vore nær på å få møtande bil i fronten i det dei skal svinga ut på Byvegen.

Vi var oppom for å sjekka forholda fredag.

På 15 minutt var det heile tre bilar som kryssa sperrelinja, køyrde på utsida av køen og inn Gymnasvegen.

– Det kan godt henda at dei skal inn Gymnasvegen, eller opp Idrettsvegen, men dei bør likevel venta på grønt lys. Dei som skal ut Gymnasvegen bør òg vera varsame, når dette trikset har blitt så vanleg, seier tipsar.

Arbeidet på Byvegen, med tilhøyrande lysregulering, skal vara til 30. juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.