Politi | 08. juli 2022

Hærverk ved Os Aktiv

Foreldre blei varsla etter skadeverk på ein benk.

Hærverk ved Os Aktiv
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. juli 2022 08:10

Torsdag i 20-tida kom politiet over nokre gutar som hadde gjort skadeverk på ein benk ved Os Aktiv.

– Gutane er i ungdomsskulealder, og foreldra blei kontakta, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

I 21-tida stoppa politiet ein lett MC der passasjer ikkje hadde hjelm på seg.

Passasjeren fekk eit gebyr på 1.500 kroner.

Både førar og passasjer er under 18 år.

Klokka 00.50 natt til fredag fekk politiet melding om ein påkøyrd, død katt.

Vegtrafikksentralen blei varsla, og ville senda ut mannskap for å fjerna katten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.