Politi | 04. juli 2022

Tysk mopedbil skapte irritasjon på E39

– Mopedførar fekk ei kraftig oppmoding.

Tysk mopedbil skapte irritasjon på E39
E39 Halhjemsvegen. (Arkivbilde: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 04. juli 2022 08:53

Politiet fortel om ei roleg helg i Os, og har tre innslag i loggen frå fredag tilmåndag.

Fredag klokka 12.45 fekk dei melding om ein mopedbil med tre hjul som skapte lang kø og ein del irritasjon på E39 retning Halhjem.

– Det viste seg å vera ein tysk turist på veg sørover. Mopedførar blei sterkt oppmoda å sleppa trafikk forbi, så ikkje køane blei så lange, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Bestile «privat berging»

Litt over midnatt natt til laurdag hamna ein bil i grøfta i Langedalen.

Politiet fekk tips og rykte ut.

– Ingen personar blei skadd. Bilførar hadde vore uheldig og fått hjula utfor vegkanten, og bestilte privat berging i form av ei gravemaskin.

– Vi ønskjer generelt at trafikantar melder ifrå om trafikkuhell, seier Birkeland.

Svanefamilie vandra på fylkesveg

Laurdag klokka 14.45 fekk politiet melding om svaner i vegbanen på Byvegen frå Os retning nord.

– Svanene skal ha skapt litt trafikale problem i området nær Rema 1000. Det var ingen patrulje som rykte ut til staden, men det kom heller ikkje fleire meldingar, så vi rekna med at svanemor losa ungane trygt i hamn utan uhell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.