Samferdsle | 28. mars 2023

Vanskeleg føre: – Hald avstand!

Vegtrafikksentralen får inn mange meldingar om veldig glatte vegar.

Vanskeleg føre: – Hald avstand!
Tøsdalskiftet i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. mars 2023 06:44

Måndag morgon var det vinteridyll med snø på trea og strålande sol. Det tynne snødekket smelta vekk i vårsola i løpet av dagen, men i dag har det kome eit nytt, noko tyngre lass.

Og det snør framleis tett i Os.

– Vi har fått inn mange meldingar om veldig glatte vegar i bergensområdet, opplyser Vegtrafikksentralen vest.

Brøytemannskap er ute, men kan som kjent ikkje ta alle vegar på same tid.

– Avpass farten og hald god avstand til bilen framfor, er oppmodinga frå VTS.

Det er så langt ikkje varsla om trafikkuhell i Os på dagens føre. Er det vanskar der du er? tips@midtsiden.no

Det er meldt nedbør fram til 18-19-tida i dag.

Temperaturen skal opp i 3-4 gradar, så snøen blir nok til sludd og regn.

Frå i kveld er det meldt samanhengande opphaldsvêr ut veka og gjennom helga, med unntak av fare for ei regnbyge torsdag ettermiddag.

I morgon er det meldt lettskya og 5 til 7 plussgradar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.