Lokal | 30. juni 2017

Håper på liv langs løypa

Tysdag blir 4. juli markert med burning og minst 100 amcars i parade. Her er ruta.

Håper på liv langs løypa
Slik såg det ut langs løypa i 2016 (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. juni 2017 19:03

Bildeserie:

Arrangørane håper på minst 100 bilar i paraden (foto: KVB)
Arrangørane håper på minst 100 bilar i paraden (foto: KVB)
Burning med 10 bilar blir det også i år (foto: KVB)
Burning med 10 bilar blir det også i år (foto: KVB)
1 av 2
Arrangørane håper på minst 100 bilar i paraden (foto: KVB)
Burning med 10 bilar blir det også i år (foto: KVB)

For tredje år på rad markerer Er-An Veikro 4. juli saman med Os Amcarklubb.

Nytt i fjor var konkurranse i burning, tittelforsvarar Knut Hetleflåt skal etter det Midtsiden kjenner til vera klar som eit egg.

– Eg har forstått det sånn at han nesten ikkje kan venta, seier Linda Andersen frå Er-An Veikro.

Sjå bildeserie og video frå 4. julifeiringa i 2016

Det er berre plass til 10 bilar i bunrekonkurransen, men godt med publikum (fri entré). Konkurransen startar cirka klokka 20.30, når paraden med rundt 100 amcars er tilbake på Røykenes.

Køyrer til Halhjem og Os sentrum

Første året gjekk paraden til Hegglandsdalen, i år, som i fjor, køyrer kortesjen til Halhjem.

– Men vi køyrer ikkje ut til Bjørnen i år, vi snur i rundkøyringa ved ferjekaien, seier Dag Andersen.

Paraden startar på Røykenes klokka 18.50 og køyrer via det nye bustadområdet Hjellemarka på veg mot Uno X, E39 over Ulvenvatnet og nedom Halhjem. Dei reknar med å snu rundt klokka 19.10.

– Rundt klokka 19.30 er vi i Os sentrum, der vi køyrer mot Osbrua og inn i sentrum ved iSushi, inn Brugata, ut nye Øyro og inn på Byvegen ved Lundehjørnet.

Det er framleis plass til fleire i paraden. Arrangørane håper på minst 100 biler i kortesjen.

Publikum og parkering

I år er det ikkje rigga telt eller booka band, feiringa blir i og utanfor vegkroa.

– Det har ikkje blitt tid til å gjera meir ut av det enn dette, seier Linda, som hadde stor Elvis-fest i telt ved restauranten i mai i år.

– Det er fri entré til alt, men vi tar ikkje bordreservasjonar denne kvelden. Dei som er på plassen, bilførarar og publikum, finn seg eit bord ut frå kva som er ledig, om dei vil inn og eta.

Heile parkeringsplassen er reservert for deltakarane i amcarkortesjen, men Er-An køyrer gratis skyttelbuss frå to eksterne parkeringsplassar.

– Begge parkeringsplassane er gåavstand frå Røykenes, men vi køyrer buss. Den eine er hos Betonggulv nær fotballbanen Stilvoll, den andre er i krysset nær kommunegrensa mot Bergen, der du køyrer inn til Seletun.

– Elles er det berre kjekt om folk tar buss eller syklar til Røykenes denne dagen. Det er også stor stas når folk stiller seg langs traseen og lagar liv, sånn dei har gjort på Søfteland, Halhjem og i sentrum! seier Linda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.