Songa Offshore sin rigg Songa Dee opererer på Gullfaks-feltet, men etter femårsklassing i Skottland hamna dei inn i Bjørnafjorden. Det har dei lagt sidan 7. desember.
– Vi er 80 mann om bord. Sånn det ser ut no så kan det bli julefeiring i Bjørnafjorden på oss. Men vi håper at vi kjem oss utover i havet før den tid, seier plattformsjef Willy Ormset til Midtsiden.
Den 112 × 68 meter store riggen er 30 år gamal. Mens den har lagt utanfor Os har dei fått frakta både utstyr og proviant om bord, i tillegg til at dei har hatt mannskapsbyte.
– Vi har brukt det lokale reieriet Samba AS og dei har vore veldig imøtekomande og hjelpsame. Eg har reist med den nye båten deira sjølv, Fox Fighter, og det var verkeleg ein flott arbeidsbåt.
– Kunne ikkje gjort dette utan ny båt
Det var i juni i år at Bjørn Anders Brimsholm og resten av Samba AS kunne feira at reieriet sin tredje båt, Samba sitt første nybygg, kom heim til Os og Søre Øyane.
Les òg: Kom heim med nytt flaggskip
– Dei to andre båtane våre, Samba og Molly, har vore veldig opptatt. Det har vore greit med oppdrag på Fox Fighter òg, vi har blant anna vore ein tur til Færøyane for kunde, fortel Brimsholm.
– Men det har heldigvis vore mest oppdrag her heime og vi kunne ikkje supplert Songa Dee om ikkje vi hadde hatt denne tredje båten.
Nesten annakvar dag har Fox Fighter gått i rute mellom Os kai og Songa Dee.
– Båten har fungert godt og vi har med eigen krane kunna lasta og lossa frå lastebilane som har kome med konteinarar. Det går fint last frå to bilar om bord per tur, fortel Brimsholm.
Samba AS var eit av dei 40 selskapa i Os med størst vekst i 2013. Bedrifta auka med 3,2 millionar kroner i omsetnad i fjor og veksta har ifølgje Brimsholm halde fram i år.