Festivalar | 16. jan. 2022

Har booka Ronan Keating

– Har stått høgt på ønskjelista lenge.

Har booka Ronan Keating
Ronan Keating. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. jan. 2022 17:17

Den irske superstjerna Ronan Keating er booka til Tysnesfest 2022.

- Dette er ein artist vi har prøvd å booka i mange år, utan at reiserute eller kalender har passa med våre datoar, seier Øystein Vaage, dagleg leiar i Stiftinga Tysnesfest.

Keating skal på scenen laurdagen under festivalen, same kveld som Synne Vo, TIX og Kjartan Lauritzen.

Tysnesfest går av stabelen onsdag 6. til søndag 10. juli.

Har selt over 50 millionar plater

Ronan Keating, som fyller 45 år i mar, gjorde det godt som vokalist med boybandet Boyzone på 1990-talet.

Bandet blei starta i 1993, fekk ein knalldebut med albumet «Said and Done», hadde seks låtar som nummer 1 i UK og vann ei rekke prisar i BRIT Awards og MTV Awards.

Boyzone har selt over 25 millionar album.

I 1999 gjekk Keating solo. Også der fekk han ein god start, låten «When You Say Nothing at All», brukt i filmen «Notting Hill», og toppa listene i fleire land.

Songar som «Life Is a Rollercoaster» og «If Tomorrow Never Comes» er andre kjente.

Også som soloartist har Ronan selt over 25 millionar plater. I år er han aktuell med sitt 12. album, «Songs from Home».

- I ein litt kjedeleg januarmånad med nedstenging, regn og slaps er det utruleg deilig å kunna koma med litt smådrypp om kva som kjem til Tysnes til sommaren! Vi treng alle noko kjekt å sjå fram til! seier Vaage.

Til no er følgjande artistar lanserte til Tysnesfest 2022:

Torsdag: Staysman, Halva Priset, Hagle, Soppgirobygget, Plumbo

Fredag: CC Cowboys, Chris Holsten

Laurdag: Ronan Keating (IE), Synne Vo, TIX, Kjartan Lauritzen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.