Slepp dei fem første til Tysnesfest 2022

I dag kjem også hamnebillettar og festivalpass ut for sal.

Etter å ha sunge på årets Tysnesfest-isj blei Synne Vo booka på strak arm til fullskala festival neste år. (Foto: Thor Håkon Ulstad)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. okt. 2021 10:23

Etter to somrar prega av pandemi, i år med ei fin erstatting med «Tysnesfest-isj», er gjengen på Våge i full gang med planlegging av fullskala festival.

– Me gler oss heilt enormt til å kunna sleppa tusenvis av nydelege gjestar inn på vår fantastiske og heilt nyoppussa arena i juli 2022! seier Øystein Vaage, dagleg leiar i Stiftinga Tysnesfest.

Dei fem første artistane på plakaten til neste års festival er:
Synne Vo, CC Cowboys, Halva Priset, TIX og Staysman & Lazz.

– Samtidig som me lanserer artistar slepp me festivalpass, dagspass og camping- og hamnebillettar.

Tolmodig publikum

Vaage fortel at nesten alle som hadde billett til 2020 valde å bytta denne inn i verdikupong som dei brukte til å kjøpa billett til Tysnesfest 2021.

– Av desse igjen har om lag 95 prosent valt å behalda billetten sin, og den billetten vil gjelda i 2022.

– Utgangspunktet for bra besøk er allereie svært godt, og folk bør ikkje venta for lenge med å kjøpa billett til 2022-sommarens eventyr!

Trass åandemi var det livleg i Våge hamn også i 2021. (Foto: Tysnesfest)

Om artistane

Synne Vo

Me var så heldige å få besøk av Synne Vo under vår minifestival Tysnesfest-isj i år, og då me såg ho på scena booka me ho allereie same kveld til Tysnesfest 2022!

Synne Vorkinn frå Lesja, øvst i Gudbrandsdalen, skriv primært tekstar på si eiga dialekt, og har brukt koronatida på å skapa hits som «Seksten», «Ikkje tenk på meg», «De e OK um du glømme me» og den siste låten hennar «Spagetti for to» som alle har gått på repeat hos dei fleste nasjonale radiokanalane våre.

Halva Priset

Vokalist og låtskrivar Petter Bjørklund Kristiansen valde å legga «Katastrofe» på hylla, og hadde sin avslutningskonsert i begynnelsen av 2020. Etter å ha levert hit etter hit i ei årrekke var det slutt.

Men det tok ikkje lang tid før saknet etter konsertscener, bygdefest og samhaldet med gjengen dukka opp. Så då var det berre ein ting å gjera. Han starta eit nytt band!

«Gi oss et festlokale så langt nord for Sinsen du kommer, så lover vi å sette fyr på lokalet med drikkeviser som får deg i godt humør»

– Me er ikkje så veldig langt nord for Sinsen, men langt nok vest til å kunna oppnå full fyr på Gjerstad Arena når Halva Priset går på scenen!

Halva Priset.

CC Cowboys

Dei er levende legender i norsk rock, og dei var eigentleg booka til Tysnesfest 2020 som blei avlyst.

– Heldigvis fekk me booka dei til TF22! CC Cowboys gjesta Tysnesfest sist i 2012, og det er ei sann glede å ønska dei velkommen tilbake til nye Gjerstad arena!

Dei er høgaktuelle no, og slapp for nokre dagar sidan ny singel, "Gamlebyen" og kanskje det er eit hint om endå meir godsaker på veg?

CC Cowboys.

TIX

Andreas Haukland skapte den karakteristiske figuren med solbriller, pels og panneband, og tok namnet TIX med bakgrunn i ein oppvekst prega av å bli plaga på grunn av sin diagnose Tourettes Syndrom.

Tidleg i karrieren hans gav han ut fleire populære russelåtar, og i 2018 gav han ut sin fyrste ikkje-russelåt, «Shotgun», som har heile 24 millionar avspelingar på Spotify aleine.

Han har og utmerka seg som ein stor låtskrivar i inn- og utland med verdshiten «Sweet but Psycho», som han laga saman med Ava Max. Denne låten har nesten 2 milliardar avspelingar på Spotify og Youtube.

I 2021 vann TIX Melodi Grand Prix, og blei Norge sin representant under Eurovision Song Contest med låten «Fallen Angel».

TIX. (Foto: Kristoffer Bjerkelund)

Staysman & Lazz

Sist Stian og gjengen hans var her inviterte dei til «Det sjukaste vorspielet», og sette med det rekord i tal publikummarar inne på Gjerstad arena klokka 19.00!

– Det var klart me måtte invitera dei igjen.

I 2022 tar Staysman & Lazz med seg eit lass med hitar, eit lass med godstemning og eit LASS med pyro når dei kjem for å avslutta torsdagskvelden på Tysnesfest 2022.

Staysman.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.