Øyafest | 18. des. 2021

Øyafest slepp første namn

Går ut med dato, område, billettar og namnet på første booking.

Øyafest slepp første namn
Ivar Bøthun og Tommy Aasen med festivalområdet, fotballbanen, i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. des. 2021 09:24

Tysdag 23. november la dei ut ei Facebook-side med ein logo.

To dagar seinare var styremedlem Ivar Bøthun og styreleiar Tommy Aasen ordknappe i intervju med Midtsiden.

Den nye stiftinga har fått festivalplass, men vil foreløpig ikkje seia kvar. Her er frå før konvoien starta 17. mai. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògOsbygda får ny festival neste sommar

Det var meir som måtte på plass før det kunne avslørast kva som skulle vera festivalområde og dato.

I førre veke avslørte dei tid og stad. Øyafest 2022 blir på fotballbanen på Sundøy fredag 5. august 2022.

I dag slepp dei første band på plakaten: Vestlandsfanden.

– Vestlandsfanden sto høgt på ønskjelista. Dei har låtar som folk i alle aldrar kan lika, og er fantastiske som liveband, seier styreleiar Tommy Aasen og nestleiar Ivar Bøthun.

– Eg hugsar sjølv første gong eg såg dei live, på Godøysund for 20 år sidan, korleis stemninga skaut i taket på felesoloane. Vaksne folk gjekk heilt av skaftet, det gjorde inntrykk, mimrar Ivar og ler.

Billettane er nettopp lagte ut for sal.

Men berre dei 50 første, og dei ligg til spesialpris, sokalla «early bird» på nynorsk.

Vestlandsfanden speler på Øyafest fredag 5. august neste år. (Pressefoto)
Vestlandsfanden speler på Øyafest fredag 5. august neste år. (Pressefoto)

Reidar Brendeland & Vestlandsfanden har vore på landevegen samanhengande i over 40 år.

Dei har gitt ut 16 album.

Blant fleire hundre låtar har Brendeland skrive nokre som verkeleg har festa seg i allsong-repertoaret hos ung og gamal, som «Plukka plommer i Hardanger» og «For livets glade gutter går solen aldri ned».

Vestlandsfanden har spelt 3.000-4.000 konsertar frå 1979 til i dag, for alt frå 14 personar i Narvik til 50.000 i Hong Kong.

Sist Vestlandsfanden spelte i Os, så vidt me kan finna i arkivet vårt, er i Nore Neset Aktivitetshus i 2010.

Fleire band kjem

Det ligg framleis an til å bli denne eine festivaldagen det første året. Det blir program på dagtid for heile familien før fleire band skal på scenen utover kvelden.

– Me er i dialog med nokre band, men programmet er ikkje spikra.

– Responsen når me no har lagt ut billettane, og elles i sponsormarknaden, vil påverka vidare booking.

– Møter mykje velvilje

Mykje av det praktiske er allereie i ferd med å koma på plass.

– Me har knytt til oss lokal kompetanse. Fusa Lys & Lyd køyrer det tekniske, leverer scenane og kjem i tillegg med eit telt på 40 x 12 meter som me skal ha vorspiel i.

– Det trur me er passeleg stort, at bandet kjem tett på stemninga i staden for å stå på ein stor scene før alt publikummet er på plass.

Hovudscenen skal stå ved fotballmålet nærmast sandvolleyballbanen, teltet på midtbanestreken.

– Me håper på rundt 400-500 publikummarar, og då vil teltet ståande på tvers av banen skapa ein fin bakvegg på publikumsområdet. At det blir passeleg intimt framfor scenen.

Hovudscenen skal stå med ryggen inntil sandvolleyballbanen, eit 40 meter langt telt skal stå på tvers på midtbanen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Hovudscenen skal stå med ryggen inntil sandvolleyballbanen, eit 40 meter langt telt skal stå på tvers på midtbanen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bjarte Erstad, som blant anna har styrt vakthaldet på Tysnesfest, får ansvaret for tryggleiken.

Festivalområdet er på og ved fotballbanen på Sundøy, Øyglimt il sin bane, som ligg på kommunal grunn ved Søre Øyane barneskule.

Gymsalen til skulen blir backstageområde for musikarane.

– Me møter generelt veldig mykje velvilje, både frå kommunen, skulen, idrettslaget og i sponsormarknaden.

– Nokre sponsorar har allereie signert avtale, andre har tydeleg signalisert at dei er med. I vekene som kjem vil me prøva å få oversikt og avtale med desse. Det påverkar jo budsjett og bookingar framover.

Også blant potensielt publikum er responsen god. Ved berre å oppretta Facebook-sida (23. november) og publisera ein logo, passerte dei 1.000 følgjarar på Facebook. I dag ligg dei på 1.350.

– Me vil jo trenga ein god del frivillige. Mange har meldt seg, men foreløpig er det flest som vil hjelpa til i forkant, for så å få med seg festen.

– Men me håper det også dukkar opp nokre frivillige vaktar og bartendarar utover vinteren, seier Tommy og Ivar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.