Sport | 27. des. 2012

Har delt ut over 20 mill i Os

Trond Mohn har over 25 år gjeve over tre milliardar kroner til forsking, helse og idrett. BT.no har i dag ein oversikt som viser kven som har fått kva, også i Os.

Har delt ut over 20 mill i Os
Trond Mohn (t.h.) liker å gje, men blir også glad når han får. Her saman med Tore Moberg under opning av ny kunstgrasbane på Kuventræ i 2009. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. des. 2012 11:32

Trond Mohn er, med over 4,2 milliardar i formue og ei inntekt på over 311 millionar kroner, den rikaste mannen i Hordaland og blant dei rikaste i Noreg.

Men han skil seg endå meir ut når det kjem til det å vera raus.

Medan dei rikaste i Noreg deler ut nokre titals millionar kroner ein sjeldan gong har Trond Mohn, frå eigen privat lomme, dei siste åra delt ut i snitt 300 millionar kroner i året!

Til samanlikning delte Sparebankstiftelsen, Noregs største private stiftelse, ut 187 millioner i 2011.

Det er bt.no som skriv dette i dag, i ein artikkel der dei også presenterer ei liste over ei fleste av pengegåvene Mohn har delt ut.

Fokus på forsking og helse

Mohn har delt ut over 1 milliard til forsking og over 600 millionar kroner til helse, mesteparten til Haukeland Univeristetssjukehus.

Han har også delt ut pengar til veldedige organisasjonar og noko til kultur, til saman nesten 300 millionar kroner.

Opptatt av idrett

Det er vanskeleg å seia kor mange idrettshallar og kunstgrasbanar det ville vore i Hordaland utan Trond Mohn.

– Når vi ser korleis samfunnet utviklar seg i negativ retning på mange område, med rusproblematikk og blind vald, så har det å skapa gode idrettsmiljø blitt endå viktigare.

– Den innsatsen mange frivillige gjer for ungane kan ikkje målast i pengar, sa Mohn til Midtsiden då han opna kunstgrasbane nummer to på Kuventræ i juni 2009.

Les òg: Takk, Trond!

Mohn har gjeve pengar til rundt 10 hallar, 50 kunstgrasbanar og over 80 ballbingar.

12 mill til Os - 8 til Lysekloster

I oversikta i BT over gåvemottakarar og sum ser vi at idrettslag i Os har mottatt over 20 millionar kroner i støtte.

Os Turn har fått mest, med 12 millionar kroner til kunstgrasbanar, Lysekloster idrettslag nest mest, med 8 millionar kroner.

I tillegg har Os Skyttarlag fått 3 millionar kroner til opprusting av skytebane og Erik Tysse har fått 600.000 til advokathjelp, då han kjempa for å bli frikjent for dopingmistanke.

Fleire idrettslag i Bergen har fått tilsvarande summar, fleire bydelar har fått til saman over 100 millionar kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.