Kultur | 04. apr. 2017

Har du ein maritim idé?

I fjor var det fire helger på rad med arrangement i Os. No inviterer Kystsogevekene fleire til å melda seg på.

Har du ein maritim idé?
Kjell Magnus Økland heldt tale under Oselvarfestivalen i fjor - veka før han sendte boka om oselvaren til trykk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 04. apr. 2017 09:59

Kystsogevekene er samla sett kanskje det største kulturarrangementet i Noreg, med konsertar og aktivitetar i 22 kommunar, frå Gulen i nord til Sveio i sør.

I Os var det i fjor fire helger på rad med kystkultur, frå opning med fiskekonkurranse i Øyane laurdag 13. august til vernissasje på Vedholmen Galleri helga etter, Bondens Dag i Os sentrum påfølgande laurdag og avslutting med dødsing, song, kapproing og tatovering (!) Oselvarfestivalen laurdag 3. september.

Etablerte arrangement og nye idear

– Kystsogevekene 2017 går i år frå 12. august til 17. september. Opninga er lagt til Strusshamn på Askøy, fortel Kjell Magnus Økland.

Økland, forfattaren bak praktverket «Oselvar - den levande båten», som blei gjeven ut i haust, er dagleg leiar i stiftinga.

– Leveringsfristen er 1. mai for det som skal koma med i programheftet. Fristen for å søkja arrangementstøtte frå Kystsogevekene er 1. juni.

– Om det er nokon som går svanger med eit potensielt arrangement er det no tid for å starta planlegginga. Ta gjerne kontakt for å drøfta idear, seier Kjell Magnus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.