Lokal | 07. sep. 2015

Har du kjennskap til denne?

Søket utanfor Øyane held fram. Politiet ber om tips om du har kjennskap til denne kajakken.

Har du kjennskap til denne?
Dette er kajakken som blei funnen velta utanfor Sundøytangen, ytst på «Tongane» i natt. (Foto: Politiet)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. sep. 2015 05:48

I 23-tida søndag blei det sett i gang søk utanfor Sundøytangen på Røttingen etter at det blei høyrd rop frå sjøen.

Det blei seinare funnen ein velta, tom kajakk og ei åre.

Søket pågår framleis, men politiet har ingen sakna-meldingar knytt til hendinga.

Kajakken skal vera av merket Hasle Excursion 520.

– Brannvesenet var ferdig med sine oppgåver klokka 03.30. Røde Kors, redningshundar, Sivilforsvaret og politi held fram med søk gjennom natta.

– Vi skal ut igjen for nye dykkesøk måndag morgon, sa brannsjef Stein Gjøsund til Midtsiden i 4-tida i natt.

Klokka 8:23 melder NRK Hordaland at ein person som trur han eig kajakken har meldt seg. Då ein ikkje har fått verifisert eigertilhøvet fortset leiteaksjonen for fullt opplyser politiet til NRK.

OPPDATERT måndag kl 12.30: Kajakken er verifisert stolen på Halhjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.