Lokal | 18. juli 2018

Har fått godkjent mini-hotell

Os Travel fekk onsdag løyve til å setta opp eit «Podtell» i Os hamn.

Har fått godkjent mini-hotell
Hans Parnefält i Os Travel og Eirik Kalve frå Podtown har fått løyve til å setta opp eit mini-hotell i hamna fram til 30. september (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 18. juli 2018 13:16

Bildeserie:

Den første podtownen blei opna av ordførar Kåre Martin Kleppe (H) under Tysnesfest førre helg (foto: Hans Parnefält)
Den første podtownen blei opna av ordførar Kåre Martin Kleppe (H) under Tysnesfest førre helg (foto: Hans Parnefält)
1 av 1
Den første podtownen blei opna av ordførar Kåre Martin Kleppe (H) under Tysnesfest førre helg (foto: Hans Parnefält)

I juni fortalde Midtsiden om planane til Hans Parnefält i Os Travel og Eirik Kalve frå Podtown om å setta opp eit mini-hotell mellom Esso og Peppes i sommar.

«Podtellet» blei lansert, og fort fullbooka, under Tysnesfest førre helg. No er konteinaren klar for å bli plassert i Os hamn.

– Vi fekk løyvet frå kommunen i dag, fortel Hans Parnefält.

Vandreheim med hotellstandard

Hotellet er enkelt fortalt ein styla kontainer med seksten «poddar» (soverom), kvart rom med vindauge som kan opnast og avlåst frå naboromma.

– Det er enkelt, men komfortabelt. Du får hotellstandard på senga til prisen du betaler på ein enkel vandreheim.

– Eg håper vi skal få den på plass i løpet av veka.

Booking av rom skal ein kunne gjera via heimesida til Podtown.

Dusj og do i nabobygget

Hotellet har ikkje eigne dusjar eller toalett, men eit samarbeid med Peppes vil løyse dette.

– Vi vil ha resepsjon hos meg i Os Travel, vegg i vegg med hotellet. I det same bygget har vi også toalett, dusj og vaskerom. Dei same som båtturistar kan nytta i dag. Inne på Peppes sin Bar(t) vil det vera fellesrom kor gjestane kan opphalda seg, om dei ikkje er rundt andre plassar i Os.

Løyvet frå kommunen gjeld frå 11. juli til 30. september 2018.

I løyvet stiller kommunen krav om at tekniske tenester må kontaktast for flytting av handicapskilt før ein set opp containaren og at sandfangaren som ligg på P-plassen må kunne ta i mot overvatn i heile perioden. Dei føresetnadene som ligg i brannkonseptet frå Norconsult skal følgjast opp før containarane takast i bruk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.