Har fått melding om mogleg tjuvstart på hummarfisket
Tipsar Fiskeridirektoratet om å sjekka det aktuelle området.

Det nærmar seg sesong for hummarfiske, men startskotet har ikkje gått.
Politiet har fått melding om at enkelte likevel ser ut til å vera i gang.
– Det skal vera registrert noko som liknar på hummarfiske i Lysefjorden utanfor Drange, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.
Hummarfisket startar som kjent søndag 1. oktober klokka 08.
– Vi har varsla vidare til Fiskeridirektoratet.
– Samtidig oppmodar vi alle med plan om å delta i årets hummarfiske om å setja seg inn i reglane.
Reglane inkluderer påmelding, fluktopning og merking. Les alle på fiskeridir.no
Politiet har òg fått melding frå nokon som er bekyrma for trafikktryggleiken på Kuventræ.
– Bekymringa handlar om køyring med lett MC på ein måte som skapar farlege situasjonar for barn og unge som ferdast i området.
– Vi vil følgja med på Kuventræ i tida framover.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.