Lokal | 28. jan. 2019

Har funne brannårsaka

Politiet meiner dei veit korleis husbrannen i Midtskogvegen starta.

Har funne brannårsaka
Tysdag 22. januar; brannvesenet legg skum på restane etter det nedbrente huset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. jan. 2019 09:16

Bildeserie:

Brannen blei varsla klokka 01.52 om natta. (Lesarbilde)
Brannen blei varsla klokka 01.52 om natta. (Lesarbilde)
Dagen etter sto halve huset igjen, også dette totalskadd. (Foto: KVB)
Dagen etter sto halve huset igjen, også dette totalskadd. (Foto: KVB)
1 av 2
Brannen blei varsla klokka 01.52 om natta. (Lesarbilde)
Dagen etter sto halve huset igjen, også dette totalskadd. (Foto: KVB)

Klokka 01.52 natt til tysdag i førre veke kom meldinga om brann i ein firemannsbustad i Midtskogvegen.

Alle som bur i huset kom seg ut, men heile leilegheitsbygget blei totalskadd i brannen.

– Har starta i oske på terrassen

Politiet er på tampen av etterforskinga av brannen.

– Brannen starta på ein terrasse. Vi har hatt avhøyr av kvinna som bur i den aktuelle leilegheiten, nokre av dei andre som bur i huset, og av brannvesenet som var på staden, fortel politioverbetjent Sissel Becker.

Kvinna skal ha forklart at ho har tømt ein peis eller ein omn for oske og sett dette ut på terrassen.

– Ho trudde oska var heilt kald og fri for glør, men det har den truleg ikkje vore.

– Det var dessutan ein del vind denne kvelden, tilførsle av oksygen kan ha fått brannen til å blussa opp.

Fekk ikkje sova, oppdaga røyklukt

I alle bueiningane hadde folk gått og lagt seg, men éin av dei hadde lagt seg litt seint, og hadde ikkje sovna.

Det kan ha redda fleire liv.

– Han kjente røyklukt, oppdaga brannen og varsla dei andre, fortel Becker.

Brannen utvikla seg fort. Sjølv om brannvesenet var raskt på staden var halve bustaden fullstendig overtent då dei kom fram.

Politijuristen i Vest politidistrikt har førebels ikkje tatt stilling til om kvinna har handla uaktsamt, noko som kan føra til bot eller annan straffereaksjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.