Korona | 23. nov. 2021

Har nesten 500 ledige plassar i morgon

Massevaksinasjon utan folkemasse.

Har nesten 500 ledige plassar i morgon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. nov. 2021 10:04

I førre veke var kommunen i gang med massevaksinasjon igjen for tredje dose koronavaksine til dei som er passert 65 år.

I morgon er ny runde, men kommunen ser ikkje ut til å få dei store massane dei hadde håpa på.

Kommuneoverlege Klaus Melf fortel om nesten 500 ledige plassar i Oshallen og Fjord’n senter.

– Det bør ha gått 6 månadar sidan andre dose, og det har det for dei aller, aller fleste i alderen pluss 65 år, seier Melf.

  • Rundt 1.900 skal ha fått tredje dose i førre veke, helsepersonell kjem i tillegg.
  • Det står igjen rundt 1.000 innbyggarar i alderen over 65 år som ikkje har fått tredje dose.

Du kan bestilla time på nett eller telefon.

– Men folk kan sjølvsagt òg ta vaksinen hos fastlegen.

Førre veke var det rekordmange 71 nye smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune. I tillegg kjem 11 positive svar på hurtigprøve.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.