Har sendt ut farevarsel om glatte vegar
Yr oppfordrar folk til å vera ekstra oppmerksam; isen kan vera vanskeleg å sjå.
Frå søndag morgon er det fare for is på grunn av omslag til mildver og regn på kald bakke.
Nedbøren vil starta som sludd og gå over til regn på kysten, medan i indre strøk vil det bli snø med stigande snøgrense utover dagen.
Område det gjelder for er Vestland og Sunnmøre, opplyser Yr.no.
Yr oppfordrar folk å vera ekstra oppmerksam på isen. Den kan vere vanskeleg å sjå.
Vurder bruk av broddar. Rekna ekstra god tid til transport og køyring. Bruk riktige dekk og køyr etter forholda. Sjekk vegmeldingar på 175.no.
Det kan vera lokalt vanskelege køyreforhold. Transporttenester kan bli påverka.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.