Vêret i Os | 15. des. 2022

Kaldaste på 12 år - og meir snø på veg

Meteorologane med gult farevarsel grunna mengda snø det neste døgnet.

SNØ: Meteorologane har sendt ut farevarsel for snø i delar av Hordaland. (Foto: Nora Trippestad)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveitorsdag 15. des. 2022 11:17

Meteorologisk institutt melder på Twitter at dei har sendt ut gult farevarsel for snø i Rogaland og delar av Hordaland.

– Kraftige snøbyer kan gi totalt 10 til 25 centimeter snø frå natt til fredag og fram til fredag ettermiddag. Vi ventar mest snø i Rogaland, skriv Meteorologane.

På kysten kan nedbøren komme som sluddbyer frå fredag føremiddag.

Foto: Meteorologene på Twitter

Meteorologisk institutt melder også at gjennomsnittstemperaturen i landet vore 4,6 gradar lågare enn normalt i første halvdel av desember.

– Sist vi hadde ein så kald start på desember var i år 2010. Og nokre stader har det aldri tidlegare vore målt så kaldt, skriv Meteorologisk institutt.

2010-2011-vinteren blei også rekord i mengde dagar med samanhengande kvite bakkar.

Samanhengande blir det neppe i denne omgang, det er meldt temperaturauke til 4 varmegradar laurdag kveld, og regn frå laurdag kveld gjennom søndagen og utover i neste veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.