Sport | 20. mars 2019

Har signert to toppspelarar frå Sverige

6 av 9 nye på Lysekloster har erfaring frå OBOS eller høgare, utanlandsk nivå.

Har signert to toppspelarar frå Sverige
Mbaye Toure og Kevin Berg var nysignerte då dei laurdag spelte treningskamp mot Fyllingsdalen for Lysekloster. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. mars 2019 14:43

Då Lysekloster laurdag spelte 3-3 i treningskamp mot Fyllingsdalen, var det med to nysignerte, svenske spelarar frå start.

Kevin Berg kjem frå Nyköpings BIS, svensk 1. divisjon (nivå3), Mbaye Toure har dei siste åra spelt for Superettan-klubben Dalkurd og 2. divisjonsklubben Skellefteå.

– Vi kom i kontakt med spelarane via nettverket vårt, og har signert eittårskontrakt med begge. No skal vi finna jobb til spelarane, utanom innsatsen dei skal gjera for Lysekloster, seier hovudtrenar Ruben Hetlevik.

– Toure er ein lynrask, ung og tøff forsvarsspelar, Berg er god med ball og svært duellsterk midtbanespelar.

Ein stall med høgt nivå

Ved sidan av å signera spelarar frå 2018-sesongen på vidare engasjement, comeback av Martin Pedersen og eit comeback og rekordsal av Mirza Mujcic, har Lysekloster signert 9 nye spelarar før 2019-sesongen.

6 av 9 har erfaring frå OBOS eller høgare nivå:

• Damian Garbacik har erfaring frå to øvste nivå i Polen.
• Maciej Raniowski (keeper) frå Brodd.
• Simen August Næss har 43 kampar for Bryne og 113 kampar for Nest-Sotra (frå 2011 til 2015)
• Nikolai Harris frå Åsane (OBOS)
• Dino Omerovic har 27 kampar for Florø, 12 av dei i OBOS
• Erlend Skagestad har spelt for Donn og Fløy-Flekkerøy i 2. og 3. divisjon
• Kittiphong Pluemjai har spelt nesten 50 kampar for førstelaget til Nest-Sotra og vore proff i Thailand.

– Er stallen komplett no?

– Det kan bli signert ein spelar eller to til, men vi signerer ikkje for å fylla på, det må bli for å styrka laget yttarlegare.

– Har salet av Mujcic generert mange førespurnadar frå spelarar?

– Vi har også tidlegare at vi er både ein spennande klubb å vera i, og ein god stad å utvikla seg til høgare nivå.

– Men det er ikkje ofte Lysekloster blir omtalt i aviser på Austlandet eller i Sverige?

– Nei, vi fekk vist oss godt, og klubben har nok merka noko auka merksemd frå spelarar som vil inn.

– Krev intens jobbing

Hetlevik, som i vinter tok UEFA-a-lisens, gler seg over godt spelarmateriale, men seier gode spelarar åleine ikkje er nokon garanti for suksess.

– Det er positivt at vi har fått ein så god stall, men det er naturlegvis òg ei utfordring å få ein såpass ny stall til å fungera godt saman. Nokre av spelarane, som desse to siste, har kome til tett på sesongstart.

– No jobbar vi intenst med relasjonar spelarane imellom, samtidig som vi gler oss til sesongstart, seier Ruben.

Før seriestart 13. april, der Lysekloster speler borte mot Brann 2, skal dei møta Åsane (30/3) og Fana (6/4) til treningskamp. Lysekloster er dessutan eit av seks lag i Hordaland som er direktekvalifisert til første runde i NM.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.