Kultur | 16. juni 2018

Hausten i Oseana: Mykje humor og styrka ungdomssatsing

I dag la Oseana ut haustprogrammet sitt.

Hausten i Oseana: Mykje humor og styrka ungdomssatsing
Tor Endresen og Bjørn Jensen har gjort suksess med Ausekarane. I år går dei i land. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. juni 2018 08:52

Bildeserie:

Myra kjem til U-fest i september.
Myra kjem til U-fest i september.
Grim Moberg er blant mange som skal få oss til å le i Oseana i haust.
Grim Moberg er blant mange som skal få oss til å le i Oseana i haust.
1 av 2
Myra kjem til U-fest i september.
Grim Moberg er blant mange som skal få oss til å le i Oseana i haust.

Om ei veke er det sankhansfeiring i Mobergsvikjo, helga etter går Oseana og Os Sentrumsforening saman om Osdagane, med tivoli, marknad, moteshow, kunsthandverkmarknad, garasjesal, stor ølfestival og med Osbadet sine flytande hinderløyper i Vikjo.

Så kjem ein stille juli, med unntak av open kunstutstilling og open restaurant.

Først ut i august er konsert med Edvard Grieg Ungdomskor. Helga etter, laurdag 18. august, går Ausekarane i land.

Bjørn Jensen, Tor Endresen og resten av den musikalske mannskapen har samla full ferje i Os sommar etter sommar, både i Os hamn og i Øyane.

• Sjå video frå Ausekarane-showet i 2015

No inviterer dei til «storfest på lokalet».

Rekordtett program med mykje lokalt

Andre som er tidleg ute på hausten er ORBO. Etter release av to singlar, «Here she comes» og «Road to Riches», der den eine gjekk til 25. plass på Norway Viral 50-lista på Spotify, kjem det nytt album i haust.

Også HM Johnsen skal ha konsert i Oseana i haust, men det er ikkje før 1. desember.

– Vi har heile 57 arrangement i haust. Vi har aldri hatt så mange, og mykje av det er lokalt, seier Veronica Søilen Halhjem.

Lokalt sus blir det òg over utstillinga som opnar i Griegsamlinga i slutten av august, då skal kunst som Grieg Foundation saman med Os kommune kjøpte av Moldegaard stillast ut.

– Rock 'n' roll-samarbeidet med Er-An Veikro held fram. Det var kjempegøy i fjor, i år Claudia Scott feira 25-årsjubileet sitt som del av dette country & western-arrangementet.

• Bildeserie: Frisk entré før countrykvelden (2017)

«Lykkedag med Linfrø» i oktober er òg verdt å merkja seg. Her skal Frøydis Flotve og Linda Nytræ halda ein musikalsk kabaret der dei spør «viss du skulle leva i ein time - kva ville du gjera for å sørgja for at livet blei perfekt».

– Får me folk til å le er det lettare å få dei til å grina etterpå.

Myra til U-fest

I fjor såg U-fest dagens lys, ein festival av og for ungdom, med både aktivitetar og underhaldning dagtid og kveld.

Vanja V og Kløver & Skarre R var blant musikarane som spelte.

– Vi ønskjer å famna endå breiare, og har workshop innan hiphop, rap, beatboxing og graffiti, fortel Veronica.

Årets U-fest blir arrangert i midten av september. På ettermiddagen skal band som Tomine Apollo, Qult og Sleepwalkers spela, på kvelden har arrangørane booka Myra.

Stjerneskotet Myra frå Bergen, som song Nystemten før Cecilia Brækhus boksa på Koengen i fjor, syng med Maya Vik frå Os på hennar siste singel.

Meir humor og større ungdomssatsing

Blant komikarane som kjem til Oseana i haust, i tillegg til Ausekarane, er Christoffer Schjelderud med showet Tro, hat og ærlighet, og Rune Andersen med Lykkeliten.

– Vi har dessutan inngått samarbeid med den lokale standupklubben Råkt Opp & Ned. Dei skal køyra arrangement i foajeen med kejnde namn, men låg pris. Denne prisen har vi òg fått komikarar som skal i Oseanasalen med på å ta, men då til ungdom.

Første klubbkveld er i starten på september, seinare i haust byr dei på André Ulveseter.

Startar dagen med yoga

Elles i haust kjem Riksteateret med Karius & Baktus og teater av den kritikarroste boka «Tung tids tale». Også teatersuksessen «Stein i lomma» kjem til Os, det blir konsert med Vidar Johnsen Duo, og Øyvind Blunck og Bettan kjem med juleshow.

– Nytt i haust er Mindful Yoga, ei morgonøkt med yoga i Griegsamlinga etterfulgt av sunn frukost. Vi har to sånne morgonøkter i haust og er veldig spente på responsen, seier Veronica.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.