Kultur | 11. mars 2015

To heftige døgn

Onsdag kveld blei ho rost i skyene av Katy Perry – fredag kveld hadde Aurora musikkmeldarar og 1750 i si hule hand. – Eg har ikkje vore med på liknande, seier manager Geir Luedy.

To heftige døgn
Aurora på scenen under Bylarm fredag. (Foto: Ane Østnes)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. mars 2015 07:54

På denne tida for eitt år sidan var Aurora pauseinnslag på Ungdommens kulturmønstring i Os. På same tid tok ho Bylarm med storm og fekk terningkast 6 av VG. Den bratte oppturen starta, og no går det fortare oppover enn nokosinne.

– Verdien av tweeten frå Katy Perry kan ikkje målast i pengar. Eg får mange epostar frå festivalarrangørar, bransjefolk og presse om Aurora, men frå torsdag morgon tok det av. Eg har fått fleire hundre meldingar, seier Geir Luedy frå Made Management.

– Vi har allereie lagt opp til eit tett program, men no må vi sila ut det beste av det som kjem inn av førespurnader om alt frå konsertar til intervju, og sjå om vi klarer å putta det innimellom.

30.000 i Frankrike

Frå mai skal Aurora spela på 10 festivalar i Noreg i år. I tillegg skal å spela konsertar og festivalar i fleire europeiske land, som Belgia, Frankrike og England.

Det største blir festivalen i Frankrike, der ho kan koma til å spela for 30.000 publikummarar.

– Vi skal også to turar til USA.

– Kan du samanlikna interessa for Aurora med tidlegare artistar du har jobba med?

– Nei. Ingen. Dette er heilt spesielt, eg har aldri vore med på liknande, seier Luedy.

To 6-arar og kø utanfor Bylarm

Publikum og presse venta seg mykje av Aurora på Bylarm fredag. Interessa auka naturlegvis etter tweeten og omtale av denne i alle dei største avisene i Noreg torsdag.

– Allereie 20 minutt før konserten hennar starta var salen omtrent full. Det var ikkje sånn på dei andre sine konsertar, fortel musikkmeldar i Aftenposten, Linnea Skare Oskarsen til Midtsiden.

Sentrum Scene hadde stengt balkong under heile Bylarm. Salen tar 1750 og var smikkfull. Folk som kom seint slapp ikkje inn.

«Det er knyst under sangene og stor entusiasme mellom dem» skriv Oskarsen, og deler ut terning 6 til Aurora etter konserten.

– Eg har berre gjeve 6-ar to gongar før. Sist var til Elton John, fortel Linnea.

Også musikkmagasinet Gaffa deler ut toppkarakter til 18-åringen frå Os.

– Vanskelig å toppa fjoråret

Aurora seier til Midtsiden at det var litt skumlare å stilla på Bylarm i år.

– For det første var det vanskeleg å toppa fjoråret, for det andre merka eg at folk venta mykje av meg i år.

– Men det gjekk fint og det var utruleg gøy. Bylarm kjem nok alltid til å bli ein veldig kjær festival for meg, og det at det kom så mange gjorde at det blei veldig sterkt.

Etter merksemda frå Perry fortel Aurora at ho har fått mange nye fans.

– Eg synest det var vedig fint gjort av ho, både å nemna meg og å legga ved link og bilde.

Album til hausten

Dei neste vekene skal Team Aurora til Tyskland og England og snakka med ulike produsentar. Førebuingane til slepp av debutalbumet er godt i gang.

– Ho har sikkert 30-40 låtar klare. Vi har førebels sortert ut 13, og kuttar kanskje ein eller to til før vi har utvalet til første album, fortel Luedy på telefon frå Berlin tysdag ettermiddag.

«Kort sagt leverte Aksnes et veldig lovende frampek til det kommende debutalbumet og generelt hva vi kan vente oss i fremtiden» skriv Oskarsen i Aftenposten.

Debutalbumet skal ut i september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.