Politi | 13 timar sidan

Heimevernet skal delta i søk etter sakna

Mellom 70 og 100 soldatar skal bistå.

Heimevernet skal delta i søk etter sakna
Politiet starta søket natt til torsdag. Fredag morgon gjekk dei ut med bilde, laurdag held søket fram. Foto: privat / Politiet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. mai 2026 08:55

I 03-tida natt til torsdag gjekk ein 20-åring frå heimen sin i Fusa, same natt starta politiet søk etter sakna.

Den unge mannen blir skildra som ca 170 høg, iført svart turbukse, blå strik

Ved observasjon ber politiet deg ringa 02800, eventuelt 112 ved akutt fare for liv og helse.

Fredag morgon gjekk dei ut med bilde, laurdag morgon kan politiet fortelja at han framleis ikkje er funnen.

– Søket har halde fram, Røde Kors og Norsk Folkehjelp har søkt i natt, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.

Det blir ny utkalling av frivillige i dag.

– Men det er ein del som har vore med ei stund, og som no må ha pause.

Politiet har spurd Heimevernet om bistand.

– Dei stiller i dag med mellom 70 og 100 soldatar. I tillegg kjem Sivilforsvaret med rundt 20 personar.

Etterforskninga har foregått parallelt med søket, men det er så langt ikkje kome fram opplysninger som gir svar på kva som har skjedd eller kvar den sakna kan vera.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om