Held fram i formannskapet

Eit valteknisk samarbeid mellom V og KrF gir Jon Sivert Rykkel (V) plass i formannskapet, medan KrF får sete i PBU og tenesteutvalet.

Jon Sivert Rykkel (V) held fram i formannskapet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 23. sep. 2015 15:18

Tysdag kveld sendte trekløveret TvS, MDG og SP ut ei pressemelding kor dei fortalte at dei hadde inngått eit valteknisk samarbeid kor Nils-Anders Nøttseter (MDG) har fått plass i formannskapet. Onsdag kom meldinga om at dei to siste av partia som har fått to mandat i kommunestyret, KrF og V, har blitt einige om eit tilsvarande samarbeid.

– Eg er glad vi har kunne vidareføre det gode samarbeidet vi har hatt med KrF heilt sidan 2003, då vi kom tilbake i kommunestyret, seier Jon Sivert Rykkel.

Ser fram til samarbeidet

Samarbeidet gjer at Rykkel får fast plass i formannskapet. Jakob Enerhaug (KrF) blir medlem av tenesteutvalet og Sigrid Aanestad Bakke (KrF) held fram i Plan- og bygningsutvalet (PBU).

– Det at Sigrid held fram i PBU. Det er viktig for kontinuiteten i utvalet. Ho og TvS sin representant, som eg håper blir Terje Sperrevik er viktig røyster sakene utvalet handsamar. Eg er òg vi får inn Jakob i tenesteutvalet. Han har eg fått eit godt inntrykk av gjennom valkampen og i samtalane vi har hatt i etterkant.

– Når det gjeld mi eiga rolle, så gler eg med til å jobba saman med Nils-Anders i formannskapet. Eg trur vi kan ha mykje til felles i mange saker.

Ikkje ein politisk plattform

Rykkel understreker at det er viktig at alle sentrumspartia tilsaman er representert i utvala.

– Sjølv om det berre er snakk om valteknisk samarbeid i denne omgang, så er det viktig at alle er med. Vi ser jo at vi i mange saker har mykje til felles.

– Så det har ikkje vore snakk om meir formelt politisk samarbeid?

– Ikkje førebels, men vi har jo jobba saman tidlegare, tildømes i budsjettsamanheng. No er jo den politiske situasjonen slik at vi ikkje må ha eit politisk samarbeid, og eg vil tru at vi kjem til å jobba saman litt frå sak til sak, men ein felles politisk plattform har vi ikkje snakka om eller utarbeidd, avsluttar Rykkel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.