Sport | 03. des. 2018

Held Lysekloster som favoritt

Oddssetjarane i tre speleselskap er samstemte om både Lysekloster og Os sine sjansar i 2019.

Held Lysekloster som favoritt
Jubel etter at Lysekloster snudde heimekamp mot Brann 2 i oktober. Blir det opprykksjubel i 2019? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. des. 2018 09:12

Laurdag kom avdelingsoppsettet for Norsk Tipping-ligaen, der det blei klart at det både blir to derby mellom Os og Lysekloster neste år - og at dei to lokale 3. divisjonslaga får ein del nye, spennande motstandarar.

6 av 14 lag frå 2018-sesongen er med vidare i avdeling 4, 8 lag er nye.

Tidlegare Os-trenar Ørjan Håland sitt Fana er i same avdeling, det er òg lag som Vard Haugesund, som rykte ned frå 2. divisjon i haust, og tre lag frå Austlandet; Strømsgodset 2 (Buskerud), Vestfossen (Buskerud) og Valdres (Indre Østland).

Held Lysekloster som favoritt

Både Norsk Tipping ved Langoddsen, Coolbet og Fansbet held Lysekloster som favoritt.

Dei er òg samstemte om å plassera Os på 7. plass.

Dette seier oddssetjarane om avdelinga og dei to laga frå Os.

Coolbet: Vi trur det står mellom Lysekloster, Vard Haugesund og Fyllingsdalen. Oddsen skil ikkje meir enn 3 på Lysekloster som favoritt og 4 på Fyllingdalen på 3. plass. Bak trioen kjem outsidarar som Fana, Strømsgodset 2, Brann 2 og Os, fire gode lag, men vi trur ikkje dei er stabile nok over tid. Laga vil stilla veldig sterkt i periodar, men er sårbare når dei får karantener og skadar. Dette er ei avdeling der våre oddssetjarar meiner topp 7 og botn 7 er forholdsvis klare.
Vinnarodds, Lysekloster: 3,00
Vinnarodds, Os: 22,00

Norsk Tipping/Langoddsen: Fyllingsdalen tapte opprykksfinalen mot Sotra i år, og blir ein naturleg opprykkskandidat i denne avdelinga også neste sesong. Lysekloster kom rett bak den nemnte duoen, og trenar Ruben Hetlevik er med videre. Vi meiner dei er ein knapp favoritt framfor avdelingskollegaen frå Bergen. Vard Haugesund tok ikkje mange poeng i PostNord-ligaen denne sesongen, men var spelemessig med i nesten samtlege kamper. Dei har mange lokale gutar og ønskjer å ta steget tilbake på direkten. Denne trioen kjem til å utkjempa ein tøff opprykkskamp. Av dei nyopprykka laga frå 4. divisjon gir vi Os størst sjanse til ei god plassering. Laget rykka ned i 2017, men tok strake vegen tilbake med blant andre Mats Cato Moldskred på laget.
Vinnarodds, Lysekloster: 2,50
Vinnarodds, Os: 25,00

Fansbet: Det blir ein spennende tetstrid. Lysekloster og Fyllingsdalen får kjempa mot nedrykka Vard Haugesund i toppen neste sesong. Men vi meiner at Lysekloster har det største potensialet til å rykka opp neste år, og har sett dei som favoritt. Som for fleire andre lag er det mange spørsmål rundt korleis stallen blir sjåande ut for Lysekloster i 2019. Fyllingsdalen ligg nok lengst framme der, mens det er mykje uklart i Vard og Lysekloster. Det var viktig å få signert trenar Ruben Hetlevik vidare, og vi reknar med Lysekloster drar opp nokre sterke signeringar også i vinter. Vi meiner Os er eit av dei nyopprykka laga i heile 3.divisjon med størst sjanse til å gjera det bra i 2019.
Vinnarodds, Lysekloster: 2.75
Vinnarodds, Os: 25,00




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.