Sport | 12. okt. 2010

Held på stilen

MidtsidenCup 2010: Mixlaget God STIL er klare for å forsvara tittelen frå i fjor.

Held på stilen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. okt. 2010 13:22

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Denne veka går påmeldingsfristen til årets MidtsidenCup ut.

Frist for påmelding av lag: Sundag 17. oktober
Frist for innsending av spelarliste + betaling: Fredag 22. oktober
Innleiande rundar: Onsdag 27.10/torsdag 28.10
Les meir om cupen og reglane her.

Mixlaget God STIL kjem for å forsvara tittelen, det såg det også ut som om damelaget Tilbake til fremtiden skulle gjera, men dei klarte ikkje å samla nok spelarar og måtte derfor trekka påmeldinga si.

Damelag manglar det likevel ikkje på, både jentene frå Øyane, som i fjor gjorde det skarpt nesten utan å skåra, har meldt seg på, i tillegg er damelag som The Warriors og Midtsidenpikene klare for kamp.

På herresida har vi førebels ikkje høyrt frå fjorårets vinnar, T Ullrich, men skumle motstandarar som Yorkshire No 1 og Tongane United er heite kandiatar til finaleplass.

Det kan dessutan henda at vinnarane frå 2008 kjem tilbake, lagleiar Karl Ole Lyngbø held på å sjekka om han klarar det han ikkje fekk til i fjor, samla gjengen i Tufte IL til nye tunge tak på Kuventræ.

«Kroppane» er uansett klare, Espen Halhjem og resten av The Bodies kom til semifinale i fjor og litt av den same gjengen vann med laget Vinnarane av Tysnescup 2010 Tysnescup i sommar.

- Eg vil kalla laget The Bodies - Vinnarane av MidtsidenCup 2010, men har ikkje fått gutane med meg på det. Kva namn det blir i år er førebels uvisst, men vinnarar kan nok folk førebu seg på at vi blir, seier Espen i kjent stil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.