Korona | 01. juni 2021

Held skulane på gult nivå

Snart skuleavslutting: Dette er forskjellane på gult og grønt nivå.

Held skulane på gult nivå
Ungdomsskulane på Nore Neset og Os kan gløyma å samla 10. trinn til felles avslutting av grunnskulen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. juni 2021 19:49

Kommunal kriseleing har i møte i dag bestemt seg for å halda barnehagane og skulane på gult nivå i trafikklysmodellen, sjølv om nasjonale retningslinjer no opnar for at kommunane kan ha skulane i grønt nivå.

Gult nivå gjeld til 1. august, med mindre smittesituasjonen tilseier noko anna.

– Vi har forholdsvis låge smittetal, samtidig har vi hatt fleire tilfelle med ukjent smitteveg, seier ordførar Trine Lindborg i ei pressemelding i dag.

Bjørnafjorden kommune er for tida på risikonivå 2.

– Det er kort tid igjen av skuleåret. Vi ønskjer at tilsette og ungar skal ha ein mest mogleg føreseieleg kvardag fram til ferien. På gult nivå er smittesporing enklare, og det er færre som må i karantene ved eit eventuelt utbrot.

Dette er fire av dei viktigaste punkta på gult nivå, som ikkje gjeld på grønt nivå:

  • Unngå fysisk kontakt mellom personer (håndhilsning og klemming)
  • Hele skoleklasser regnes som en kohort
  • Ha egne områder i skolegården for ulike klasser/kohorter i pauser friminutt
  • To kohorter kan samarbeide utendørs

(Sjå alle på udir.no)

Vi nærmar oss ferie, men vi er også i ei tid då mange vil ha avslutting. Det er framleis ikkje noko i vegen for å ha avslutting klassevis, men om to klassar vil ha avslutting saman, må det skje utandørs.

For 10. trinn er det ikkje aktuelt å samla heile trinnet til ei felles avrunding av grunnskulen, då både Os og Nore Neset har fem klassar på 10. trinn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.