Politi | 02. aug. 2023

Heldt kontroll etter klage på Facebook - tok beslag i førarkort

– Det er best om publikum tar kontakt direkte, uttaler politiet.

Heldt kontroll etter klage på Facebook - tok beslag i førarkort
Fartskontrollen var ved barnehagen i Hegglandsdalsvegen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. aug. 2023 09:03

Tysdag observerte politiet eit Facebook-innlegg som handla om farleg høg fart på Hegglandsdalsvegen.

Dei køyrde ut i 14-tida og rigga opp fartskontroll.

– Det resulterte i to forenkla forelegg i 50-sona, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

I tillegg blei det tatt beslag i førarkortet til ein gut i slutten av tenåra.

– Han er mistenkt for å ha køyrd i 83 km/t i 50-sona.

Lappen ryker på 76 km/t.

– Denne gong var det tilfeldig at vi såg Facebook-innlegget. Om folk vil tipsa oss, er det best om dei ringer 56303900 på dagtid eller 02800 elles i døgnet.

Onsdag morgon har også UP hatt kontroll i Os.

– Dei sto på E39 Halhjemsvegen. Der var det ein mann i 50-åra som blåste til over 0,2 i promille, men under verdi for førarkortbeslag.

(På X, tidlegare Twitter, opplyser Vest politidistrikt at vedkomande er i 40-åra).

Mannen er meldt for forholdet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.