Politi | 19. sep. 2021

Fekk 9.050 kroner i fartsbot

Politiet stoppa fire bilistar på Hegglandsdalsvegen laurdag kveld.

Fekk 9.050 kroner i fartsbot
Politiet hadde fartskontroll på Hegglandsdalsvegen i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. sep. 2021 06:52

Laurdag kveld hadde politiet fartskontroll i 50-sona på Hegglandsdalsvegen.

Fire bilistar blei stoppa. Ein av dei blei meldt, utan at politiet i rapporten fortel kvifor.

Tre andre fekk forelegg for høg fart.

– Høgaste fart blei målt til 71 km/t, opplyser Bjørnafjorden lensmannskontor.

Det kvalifiserer til 9.050 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet. Om farten var 1 km/t lågare ville det blitt eit forelegg på «berre» 5.850 kroner.

Politiet fortel om ei elles roleg helg.

I 00.30-tida både natt til laurdag og natt til søndag kom det klage på støy frå fest.

Natt til laurdag blei festen avslutta då politiet kom.

Natt til søndag skal det ha vore ein bråkete ungdomsgjeng på ei adresse, men det roa seg då patruljen kom.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.