Lysekloster il | 06. juli 2021

Henrik Tysse Sperrevik i storslag for Lysekloster

Fekk vist seg fram på prøvespel i heimbygda.

Henrik Tysse Sperrevik i storslag for Lysekloster
Henrik skåra tre mål i treningskamp mot Bremnes. (Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. juli 2021 21:17

Lysekloster tok laurdag imot Bremnes til treningskamp.

– Bremnes skal på papiret vera eit topp 4. divisjonslag, men i desse dagar (20 månadar etter førre seriekamp) er det ingen som veit, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

– Men vi ønskte trening på etablert angrep, dei ville prøva seg mot eit godt 3. divisjonslag, så begge fekk øvinga dei var på jakt etter.

Lysekloster - Bremnes 6-1 (4-0)
Målskårarar, Lysekloster: Henrik Tysse Sperrevik 3, Christian Dahl og Joachim Westrheim.

– Har tatt store steg i Sogndal

Henrik Tysse Sperrevik, som fyller 19 i år, fekk kjenna på OBOS-nivå då han i mai kom innpå for Sogndal sitt A-lag.

No er han tilbake i heimkommunen og i trening med Lysekloster igjen.

– Han har verkeleg tatt store steg i Sogndal, ikkje berre fysisk, men teknisk og i måten han involverer seg på, synest Hetlevik.

Førre veke hadde Lysekloster ei roleg treningsveke for å redusera risiko for skade når dei endeleg er i gang med kampar og kontakt igjen.

– Derfor er det først i kamp eg har fått sett han skikkeleg. Henrik spelte frå start og heile kampen. Både dei tre skåringane og den innstillinga han viser, som ambisiøs og treningsvillig, gjer at vi har stor tru på han.

To nysignerte

Lysekloster er dialog med unge Sperrevik, men har foreløpig ikkje fått signaturen.

Christian Dahl signerte for seks veker sidan, nyleg har også Kasper Bordvik gått frå Sogndal 2 til Lysekloster.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.