Her blei golfskuterane funne
Køyrde minst 1,6 km med stolne el-mopedar frå golfbanen.


Natt til måndag blei Bjørnefjorden Golfklubb utsett for hærverk og tjuveri.
Tre av fire privateigde golfskuterar, som medlemmar som er dårlege til beins har ståande på banen, var tjuvkopla og køyrd med rundt på anlegget.
Berre éin av dei tre var å finna på golfbanen, og denne var skadd. No har dei to andre dukka opp igjen.
– Dei er funne ved Os Møbelstopp i Borgavegen, opplyser politiførstebetjent Rune Fimreite.
Det betyr at tjuvane har køyrd minst 1,6 kilometer, avhengig av om dei har køyrd om Finnebrekka eller om Hjelle, frå golfbanen og ned til Borgavegen 10.
– Visste ikkje kven sine det var
Innehavar Leif Tysseland seier at han oppdaga skuterane i går, men visste ikkje kvar dei kom frå før han såg etterlysinga på Midtsiden.
– Vi veit ikkje noko om tilstanden deira enno, men patruljen skal anten ha vore der, ellers så er den på veg, seier Fimreite.
Dei er truleg uansett skadd, nøklane til skuterane er ikkje stolne, så alle har blitt tjuvkopla.