Kultur | 29. nov. 2010

Her blei lyset tent

Tent for 12. gong: Josefine Kronstad Gjertsen (8) fekk sundag tenna lyset på Borgafjellet.

Her blei lyset tent
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. nov. 2010 09:08

Førre helg var Os Kulturutvikling på patrulje på Borgafjellet for å gjera klart til årets tenning av lyspyramiden på Borgafjellet. Over halvparten av dei 300 pærene blei skifta.

Tok den tunge jobben laurdag
Laurdag var dei til fjells igjen, då for å heisa dei tre lyslenkene opp til toppen av den rundt 50 meter høge masta.

- Vi heiser ei og ei lenke. Jobben er tung nok til å få senebetennelse, om det er nokon som ønskjer seg det til jul, seier Leif Ragnar Tveit.

Kven hjelpte Arne Martin?
Også heisinga gjekk fint, så då var det berre til å stilla på toppen sundag før klokka 14 og håpa på det beste då brytaren skulle på.

- Eit lite knippe lokale turgåarar møtte fram for å sjå sjølve tenninga. Lysmeister Arne Martin Holen fekk hjelp av ei jente som var på tur. Ho tente lyset, men forsvann dessverre frå oss før vi fekk notert namnet hennar.

Midtsiden etterlyste namnet på jenta, og fekk svar. Josefine Kronstad Gjertsen (8) fekk tilfeldigvis æra av å tenna lyset på Borgafjellet i år.

- Sidan vi tente lyset klokka 14 var det nok berre vi som var på toppen som tydeleg kunne sjå at alt fungerte fint. Vi tar det på dagtid så turen ned igjen ikkje skal bli for mørk, seier Tveit.

Spleiselag og nye lenker
Dei fleste av dei 300 pærene ser ut til å lysa fint, for 12. år på rad. Neste år må nye lyslenker på plass, dagens lenker bruker nemleg pærer som ikkje er i handelen lenger.

Lysa er tent frå første sundag i advent til jula skal ut av huset i januar. Os Kulturutvikling bruker rundt 15.000 kroner per år på å halda lysa i drift.

- Nokre år har vi fått sponsa nesten heile beløpet, andre år har vi tatt nesten alt på eiga kappe. Skal vi driva lyset vidare treng vi å få dekka dette inn, så vi håper på god respons når vi skal ut og invitera folk med på årets spleiselag for lyset på Borgafjellet, seier nestleiar i styret, Georg Jørgensen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.