Her blir det bubilparkering i helgene
– Det er konstant fullt på Steinneset, fortel næringskonsulent Jon Sivert Rykkel.
Etter at det i fjor vår vart opna for bubilar på Steinneset, har det til tider vore kamp om plassane.
I tillegg vart det i juli opna eit område mellom popup-parken og brua som avlasting.
Stort behov - fann plassar ved Vognhallen
Næringskonsulent i Os kommune, Jon Sivert fortel at pågangen frå bubilturistane har halde fram i år.
– Det er konstant fullt på Steinneset, og grunna andre planar kunne vi ikkje nytta området ved popup-parken som avlasting i år. Vi fann difor ut at det kunne la seg gjera å frigjera nokre plassar mellom Vognhallen og den gamle stasjonsbygningen.
– No er skilta på plass, og det er lagt opp straum til turistane, så tilbodet er per definisjon ope.
Kun i helgene
Rykkel understreker at vanlege parkeingsreglar gjeld for plassane i vekedagane.
– Dette er eit tilbod mellom fredag ettermiddag og måndag morgon. Det er plass til fire bubilar her, og plassane ligg sentrumsnært med god tilgang til servicebygget ved gjestebrygga.
– Vi veit at mange nyttar web-kameraet på Steinneset for å følgja med om det er ledige plassar der, men no har vi alle høve litt fleire plassar å gå på, avsluttar Rykkel.