Lokal | 23. nov. 2016

Her legg dei skøytebanen

Snart kan du gå på skøyter i Os sentrum! Opninga blir ved Sverre Lunde Pedersen.

Her legg dei skøytebanen
Roar Haugsgjerd og Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga i Os kommune legg skøytebane i sentrum (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 23. nov. 2016 09:26

Onsdag var Roar Haugsgjerd og Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga i Os kommune i full sving med å montere den omlag 35 kvadratmeter store skøytebanen som i heile desember skal vera tilgjengeleg på Telthusplassen ved torget i sentrum.

Les òg: Legg skeisebane i sentrum

Banen er laga av plast og mykje brukt andre stader i landet, mellom anna i Oslo. Banen består av element på omlag ein halv kvadratmeter kvar, som bankast saman med eit not/fjør-system.

– Når vi har fått lagt ut elementa og sikra den med vant, så gjenstår det berre å få bona den opp slik at det blir god glid, fortel dei to.

Startskot ved Sverre

Til å ta dei første offisielle skøytetaka på banen har kultureininga fått med seg ingen ringare enn skøytestjerna Sverre Lunde Pedersen.

– Han kjem her etter at han har trent på laurdag, så opninga blir klokka 12.

– Då er det berre å ta med seg skøytene og koma.

Ope kvar dag

Banen vil vera open kvar dag mellom klokka 10 og 18, frå laurdag av og ut heile desember.

– Næringslivet i sentrum, kyrkja og kommunen vil dela på å opne og lukke banen. Responsen har vore bra når vi har vore ute og spurt om denne dugandshjelpen, så vi er godt på veg med å har fordelt dei ulike dagane på dei forskjellige. For publikum vil det vera enkelt å sjå om banen er open eller ikkje. Vi dekkjer den til om kvelden og natta med ein presening, forklarar dei to.

Banen er berekna for dei minste skøyteløparane og er nok ikkje stor nok til å spela hockey eller gjera dei store krumspringa på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.