Her vil STIL tena pengar
God respons på nytt tiltak.

Søfteland Turn & Idrettslag har ikkje berre kome i gang igjen med Ulvenmarsjen og herrelag i fotball, dei har vind i segla også i «marknadsavdelinga».
– Det er eit nytt styre og fleire nye idear på bordet. Det vi skal i gang med no er nytt for oss, seier Elena Wangsholm, styremedlem i fotballgruppa og e-sport-gruppa.
Søndag blir det loppemarknad i eit 160 kvadratmeter stort tilt. Frå laurdag formiddag til søndag kveld har idrettslaget dessutan auksjon.
– Vi har fått inn fleire fine premiar, blant anna signert drakt og ball frå SK Brann.
Auksjonen går digitalt via STIL si Facebook-side, og med sjanse for å legga inn bod mens marknaden søndag er open.
Inntekta frå loppemarknaden skal koma frå sal av plass, kvar sitt bord, i teltet. Dei som sel varer tener pengane sine sjølv.
– Utanom dette vil Søfteland TIL ha 2-3 bord til kiosk og loddsal.
Då Midtsiden snakka med Wangsholm før helga hadde dei selt 15 av 20 bord. Seinare har det blitt utvida.
– 24 bord er selt og vi jobbar med å få på plass 10-15 bord til. Det er med andre ord framleis plass, om det er fleire privatpersonar eller bedrifter som har lopper å kvitta seg med.
– Vi håper dette blir ein livleg og kjekk dag for både utstillarar og besøkande, og samtidig eit arrangement for gjenbruk og litt inntening for mange, seier Wangsholm.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.