Lokal | 05. juni 2018

Høg temperatur i båtbransjen

– Denne forsommaren kan få ringverknadar langt ut i 2019.

Høg temperatur i båtbransjen
Jonathan Dyrstad, Ståle Daae Børnes og Arne F. Drange fortel alle om høg aktivitet (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. juni 2018 06:06

«Hetebølge gir eksplosjon i båtsalget» skriv bransjeforbundet Norboat i ei pressemelding måndag.

– Det har nok aldri vore selt så mykje båtar i mai månad før, seier tidlegare marknadssjef hos Askeladden, dagleg leiar i båtbransjeforbundet Norboat, Leif Bergaas.

Hos Drange Båt vil dei ikkje bruka ordet «eksplosjon», men salet går unna som sjeldan før.

– Denne veka leverer vi den første 36 fot store XO-en vi har selt, XO 360. Det kryr av båtar og fleire kundar som kjem frå Bergen, som ikkje har vore her før, får hakeslepp når dei ser kor fin skjergard vi har i Os.

– Det er kjekt å sjå sånn aktivitet så tidleg på sommaren, ikkje minst med alle ungdomane som susar rundt i småbåtar, seier Arne Falk Drange.

Det 50 år gamle båtsenteret riggar seg no til for å utvida med ny verkstadhall.

– Kan framleis levera på kort tid

Hos Askeladden-forhandlar Båtens Beste i Askvik fortel Jonathan Dyrstad m lange og hektiske dagar.

– Eg selte fem båtar berre på fredag. Rett nok var to av dei brukte båtar, men det er kjekt å sjå at det å ta båt i innbyte også skaper rask omsetnad. Det er eit yrande liv på kaien og i butikken, det er sånn at vi har vurdert å opna kafé og søkja om skjenkeløyve, seier salssjefen og ler.

Han har byrja å plukka frå den nye, permanente utstillinga i det gamle fabrikklokalet.

– Vi får nye båtar frå fabrikk omtrent kvar veke, så vi fyller på igjen for å halda utstillinga mest mogleg komplett. Den har vore ein del i bruk, både når vi har tatt kundar med opp frå butikken på kaien, og med to faste opne dagar i veka på sjølve utstillinga.

Dagleg leiar Henrik Askvik seier forhandlarane er flinke til å byta båtar seg imellom for raskast mogleg levering, og at det er mange som står på med montering og klargjering utover kveldane for at også dei som handlar spontant skal få båt på sjø i løpet av kortast mogleg tid.

Ny rekord for store bruktbåtar

Ståle Daael Børnes frå Os sel store bruktbåtar frå eigen kai i C. Sundtsgaten i Bergen.

– I fjor passerte vi hundre båtar for første gong, i alt 106 selte båtar var ny rekord. I dag selte vi vår båt nummer 60, og eg jobbar med båt nummer 61 og 62, fortel Børnes.

I fjor måtte han jobba til 11. august for å passera 60 båtar.

– Dei fleste av kundane er folk som vil ha litt større båt enn dei har i dag. Nokre av dei som har gått ned i storleik endrar meining etter eit par veker og går no tilbake til stor båt. Eg kjenner til tre slike tilfeller berre i år.

– Det som er kjekt å sjå er at vi har fått auka rekkevidde. Nyleg var det ein kar som ringte frå Tromsø fordi han hadde høyrd at vi selte brukte båtar raskt. Han gjekk med båten heilt til Bergen for at vi skulle ha den i utvalet, seier Børnes nøgd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.