I dag blir forslaga for Steinneset presenterte
Arkitektane sine teikningar er klare. Måndag ettermiddag er det presentasjon på ope møte.


Konsulentar frå tre inviterte arkitektkontor har den siste månaden jobba med moglegstudie for Steinneset i samband med Os kommune sin eigedom i området, og interesse for å kopla denne saman med eit privat utbyggingsprosjekt på nabotomta.
• Les òg: Svarte på fem spørsmål om Steinneset (workshop i september)
Hovudmålet med studien er å avklara kva mogleigheiter og utfordringar som knyter seg til utvikling av eigedomen.
Studien er over og resultatet, dei tre forslaga, blir presenterte på eit møte i Tunet (kyrkjetunet) i ettermiddag.
– Møtet er ope for alle, seier plansjef Tina K. M. Sinclair.
Dei tre forslaga handlar om ulik grad av utnytting av tomta, korleis kan Steinneset sjå ut om ...
• Scenario 1, Fjordparken: Heile området langs sjøen vert utvikla som ein offentleg strandpark der det vert lagt til rette for ulike typar sjørelaterte aktivitetar. I tillegg er konsulenten bede om å illustrere korleis ei forsiktig fortetting i einebustadområdet rundt kan komme til å ta seg ut.
• Scenario 2, Fjordgrenda: Området langs sjøen vert i hovudsak utvikla som ein offentleg strandpark. I tillegg har konsulenten undersøkt korleis ein litt høgare utnytting i området rundt kan ta seg ut. Dette alternativet viser grovt sett kva som er tillatt å byggje på kommunen sin eigedom jamfør vedtatt reguleringsplan for området.
• Scenario 3, Fjordbyen: Steinnesfjæra på austsida av moloen vert utvikla til ein naturleg strandpark. Nord for moloen har konsulenten fått større spillerom til å illustrere korleis ein kraftigere fortetting av heile området kan ta seg ut. Her vert det og illustrert løysingar for bygging i sjø ut til marebakkjen.
• Les òg: Stor interesse for bustadprosjektet