Lokal | 18. sep. 2017

Svarte på fem spørsmål om Steinneset

... men ingen på folkemøtet ville leika seg med arkitektane sine byggeklossar.

Svarte på fem spørsmål om Steinneset
Thale Bjørnerheim frå Arkitektgruppen Cubus fekk mange svar, men ingen kom til bordet då salen blei invitert til å leika med byggeklossar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. sep. 2017 09:28

Bildeserie:

Kommunalsjef Aina Tjosås styrte workshopen. (Foto: KVB)
Kommunalsjef Aina Tjosås styrte workshopen. (Foto: KVB)
Det aktuelle området.
Det aktuelle området.
Arkitektane var òg på synfaring. (Foto: KVB)
Arkitektane var òg på synfaring. (Foto: KVB)
Dei studerer eit utvida område.
Dei studerer eit utvida område.
Mange stilte på det opne møtet. (Foto: KVB)
Mange stilte på det opne møtet. (Foto: KVB)
Fleire av desse er naboar til Steinnesetfjøra og moloen. (Foto: KVB)
Fleire av desse er naboar til Steinnesetfjøra og moloen. (Foto: KVB)
Arkitektane ba om svar på fem spørsmål. (Foto: KVB)
Arkitektane ba om svar på fem spørsmål. (Foto: KVB)
... og inviterte salen til å koma med idear. (Foto: KVB)
... og inviterte salen til å koma med idear. (Foto: KVB)
Men ingen ville leika seg med byggeklossane. (Foto: KVB)
Men ingen ville leika seg med byggeklossane. (Foto: KVB)
1 av 9
Kommunalsjef Aina Tjosås styrte workshopen. (Foto: KVB)
Det aktuelle området.
Arkitektane var òg på synfaring. (Foto: KVB)
Dei studerer eit utvida område.
Mange stilte på det opne møtet. (Foto: KVB)
Fleire av desse er naboar til Steinnesetfjøra og moloen. (Foto: KVB)
Arkitektane ba om svar på fem spørsmål. (Foto: KVB)
... og inviterte salen til å koma med idear. (Foto: KVB)
Men ingen ville leika seg med byggeklossane. (Foto: KVB)

Fredag var tre inviterte arkitektkontor 13 timar i Os for å ha workshop som start på moglegstudie av Steinneset.

Studien er ei bestilling fra Os kommunestyre 4. april, då sak om samarbeids- og opsjonsavtale med Bjørnefjorden Utvikling AS var oppe til behandling. Kommunestyret sa førebels nei og sendte saka tilbake til administrasjonen og ba om moglegstudie.

Avsluttinga på workshopen fredag var ope møte i kommunestyresalen frå klokka 18 til 21.

Stilte spørsmål til salen

Kommunalsjef Aina Tjosås innleia med å takka for godt oppmøte og fortalde om korleis dagen hadde vore, om arkitektane sine presentasjonar på formiddagen, synfaring i strålande sol midt på dagen og verkstad etter lunsj.

Så fekk arkitektane ordet.

Eriksen Skajaa, April og CUBUS var saman om å be salen om svar på følgjande spørsmål:

1. Kva er det beste med Os?
2. Kva manglar i Os?
3. Nemn ein eller fleire fine plassar du har vore, og kva som er fint med denne plassen.
4. Kva bustadtypar manglar i Os?
5. Kva vil DU ha på Steinneset?

1. Etterkvart som arkitektane samla inn gule lappar med svar blei desse leste opp høgt og plotta inn i eit system som viste kva ord som gjekk mest igjen. Ikkje uventa var nærleik til sjø, fin natur, fjell å gå tur i - og det at Os er ei bygd og ikkje ein by, ting som gjekk igjen.

2. På spørsmålet om kva som mangla i Os var det òg duka for ein og annan politisk olboge i sida til motparten, då lokalpolitikarar òg var blant dei som fylte salen. Elles var parkeringshus, offentleg toalett, næringskai, bybane, benkar, campingplass og ei hamn med pulserande liv blant det som var nemnt.

3. Lista over eksempel på fine plassar blei lang. Her drøymde folkemøtet seg av garde til Skudeneshavn, Hundvåg og Vestvågøy, til sjøbad i København, til parkar i Sidney, til Bekkjarvik, Risør og fiskerihamna i Kristiansand.

– Det går an å driva bygdereparasjon, sa arkitektane som svar på kommentar om estetikk og byggeskikk. Salen pusta letta ut.

4. Av bustadtypar var det fleire som sakna terrasseleilegheiter og bruk av treverk i bustadblokker. Feriehytter til utleige, sentrumsnære bustadar for småbarnsfamiliar, studentbustadar og bustadar for førstegongskjøparar var òg på lista.

5. Det siste spørsmålet var det einaste som gjekk konkret på Steinneset. Svara som kom inn var kanskje prega av at snittalderen på dei som stilte på folkemøtet var høg, og at mange av dei bur på Steinneset og Haugsneset frå før. Her såg ikkje ut til å vera nokre representantar frå den oppveksande generasjon.

Mange vil at Steinneset skal vera urørt eller bli opparbeidd som eit friområde. Salen viste skepsis til meir bustadbygging. Det kom likevel nokre spreke forslag, om sjøbad og stupebrett, og nabo og brannsjef Stein Gjøsund lurde på om eit eventuelt bygg på ei eventuell fylling kunne innehalda eit torg med sal av fisk og blomar på gatenivå, med bustadar i høgda.

Ingen ville leika med klossane

Arkitektane inviterte salen til sjølv å leika seg med klossane i modellen arkitektane hadde brukt på verkstaden tidlegare på dagen. Den var det ingen som prøvde seg på, i staden kom det spørsmål og kommentarar.

Os kommune hadde måndag i forkant av workshopen hatt eit eige møte med fleire av naboane til det aktuelle området.

Nokre i salen lurde likevel på om det berre var opp til kommunen å fylla ut sine eigne strandeigedomar for å laga meir byggeland, noko dei ikkje såg for seg at ein sivil nausteigar kunne gjort.

– Kommunen må følgja dei same reguleringsprosessane som private, understrekte Tjosås.

Fleire viste òg skepsis til å bygga endå fleire busdar før infrastrukturen var betra. Kryssa frå Hatvikvegen inn mot både Hamnevegen og Steinneset har lenge vore sett på som utfordrande, men har framleis ikkje blitt utbetra.

Andre sa at dei «fekk sjokk» allereie då dei såg Bjørnefjorden Utvikling sine skisser i april.

– I reguleringsplanen frå 2003 er dette området regulert som byggetrinn to i Vindu mot Fjorden, med mønehøgde på 12 meter, sa Gustav Bahus (Frp), som for å gjera salen merksam på at tanken på fortetting i området ikkje er ny, og at den er i tråd med det fylkesmannen har som retningslinjer for bustadutvikling i tettstadar.

Kommentaren som høyrdes ut til å få mest samtykkande respons i salen kom frå Mons Tore Lyssand:

– Det kan ikkje vera sånn at kvar einaste meter rundt heile hamna skal vera bygd ut med leilegheiter. Eg trur dette området på Steinneset har høgast verdi for innbyggarane i Os om det blir ståande ope som eit friområde, utan å vera omkransa av mange leilegheiter. Det kan heller ikkje vera opp til oss som bur her i dag å realisera alt av verdiar, noko kan vera opp til dei som kjem etter oss å vurdera, sa Lyssand.

Dette er oppdraget

Nokre stilte seg òg tvilande til at det var plass til noko særleg med hus på den smale tomta kommunen eig, på innsida av vegen ut til moloen og fjøra.

Tjosås fortalde at det, saman med eigedomen Bjørnefjorden Utvikling AS har hand om, er eigna for noko byggearel langs vegen. Ho fortalde òg om oppdraget, å sjå kva verdi tomta har, eller kan få.

– Kanskje har tomta høgast verdi som ope friareal, det er noko av det vi kan få svar på i moglegstudiet.

Då tok ein annan lokalpolitikar i salen, Espen Aspenes (Frp), ordet. Han minna administrasjonen om oppdraget frå kommunestyret.

Dette er det som skal vera vurdert i studien:

• Sal av eigedomen på den opne marknaden basert på innhenta verdivurdering.
• Utvikling av eigedomen i eigen (kommunal) regi.
• Utvikling av eigedomen i samarbeid med andre aktørar.
• Vurdera framtidig utviklingspotensiale i sjø innanfor gjeldande reguleringsplan for området.
• Andre verdioptimaliserande tiltak i området.
Moglegheitsstudien vært lagt fram for politisk behandling så snart som mogleg.

– Arkitektane vil jobba med dette i ein månad framover. Når dei ulike forslaga og ideane kjem inn vil vi stilla dei ut så folk kan sjå, seier Aina Tjosås.

• Les òg: Bygger p-plass for bil og bubil

– Dette er ikkje ein konkurranse, vi kan forkasta og bruka, og plukka element fritt frå dei ulike forslaga for å setja saman vårt eige.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.