Sport | 26. mai 2009

I harmoni med tai chi

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. mai 2009 11:31

Cato Bruarøy har drive med karate sidan starten på 80-talet, og er no hovudinstruktør for ein organisasjon med 12 klubbar i Noreg. I sin lange karriere innan den japanske kampsporten har han erfaring med både meditasjon og andre kunstar frå Austen, men det var eit øydelagt kne som skulle få han i kontakt med tai chi, eller taiji.

- Eg skadde både korsband, leddband og menisk i ein landskamp, og det var uvant å gå frå to treningsøkter for dagen til null. Så tenkte eg at taiji, som ikkje har så brå rørsler, kunne hjelpa meg tilbake i form, fortel Cato.

Tre års utdanning
Taiji gav meirsmak, og etter å ha trent nokre månadar i ulike system kom han i kontakt med ein av dei fremste ekspertane i verda. Dr. Shen Hongxun, som også er lege og tidlegare sjukehusdirektør, skulle arrangera ein treårig terapeututdanning i Europa.

- For nokre år sidan gjekk eg gjennom tre år med skule, i Belgia, Nederland og England, fortel Bruarøy, som til helga arrangerer kurs i gymsalen i Søre Øyane der han bur.

Som akupunktur, men utan nåler
Taiji er ein eldgamal kinesisk kampsportrelatert kunst, der utøvarane får kontakt med akupunkturpunkt, også punkt som elles er vanskeleg å nå med nåler.

- Teorien er i stor grad den same som for akupunktur, at kroppen har energibanar som kan bli blokkerte. Ved å stikka, massera eller med taijiøvingar stimulera desse punkta - kan du løysa opp og få ein betre kvardag.

Kurset går over tre timar fredag kveld, og seks timar laurdag, og har både ein teoretisk og ein praktisk del. Etter kurset får du også ei bok, slik at du kan halda deg i form på eigehand.

- Då eg starta med dette budde eg i Oslo, der eg også dreiv ein karateskule. Dei fleste medlemmane var vaksne folk med kontorjobbar, og eg merka at spørsmåla eg fekk etter trening handla meir om helse og stress enn om kamp.

Med taiji kan du letta plagar i rygg og nakke, samstundes som du får god mosjon og trening av fleksibilitet og balanse, seier Cato Bruarøy.

Du kan lesa meir om taiji på tajikurs.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.