Sport | 23. jan. 2024

I par med kona Mona: Bernt Olav tok sin første NM-medalje

Ekteparet Lundetræ tok sølv i tidenes første mix-NM i biljard.

I par med kona Mona: Bernt Olav tok sin første NM-medalje
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. jan. 2024 14:23

I helga blei NM i viljard for mixa par, altså mann og kvinne frå same klubb, arrangert for første gong.

Oslo var vertsskap for NM scotch dobbel mix 2024, og heile 19 par stilte.

– Eg er imponert over kva Oslo Biljardklubb har fått til! Dette er eit av fleire tiltak i det vellykka arbeidet forbundet og klubbane gjer for å få endå fleire kvinner inn i sporten, seier Bernt Olav Lundetræ.

Os Fiasko og Os Endamerefiasko var namna på dei to laga herfrå.
Os Fiasko og Os Endamerefiasko var namna på dei to laga herfrå.

Os Biljard- og Snookerklubb stilte med to lag, Richard Sivertsen
og Camilla J. Øvereng i det eine paret, ekteparet Bernt Olav og Mona Lundetræ i det andre.

Bernt Olav si kone er regjerande noregsmeister, og var eit sterkt kort på veg mot finale.

JUBEL I TROMSØ: Mona har tatt medalje før, men gullet i helga er hennar første NM-tittel. (Foto: privat)
Les ògEndeleg gull til Mona

– Vi spelte veldig godt, og var nære på siger også i finalen, fortel Bernt Olav.

Kampane enda 7-1, 7-2, 7-2 (kvartfinale) og 7-2 også i semifinalen.

– I finalen kjempa vi oss opp til 5-5, men så missa eg på 9-aren, og det blei avgjerande. Vi tapte 5-7, fortel Bernt Olav.

Han gler seg over sin første NM-medalje, takkar kona for hjelpa og gratulerer samtidig Nina Torvund og Ronny Kraft i Team TBK frå Trondheim BK med NM-gullet.

Pallen i tidenes første NM for par mix.
Pallen i tidenes første NM for par mix.

Same helg deltok tre snookerspelarar frå Os, Reidar Rundsveen, Geir Bentzen og Frode Vikebø, i sesongens fjerde norgescup.

– Geir og Reidar gjorde det best, Geir tok 3. plass, Reidar 5. plass i denne runden, fortel Bernt Olav.

Fleire NM - også på heimebane

Lundetræ, som òg er styreleiar i klubben, fortel om framleis god utvikling i klubben.

– Vi tel rundt 120 medlemmar, og aktivitetsnivået er høgt. Fleire kjem reisande frå Bergen opp til oss etter at vegen opna, vi har òg nokon som pendlar frå Voss.

Aktivitetsnivået er høgt.

– Då vi arrangerte turnering i romjula hadde vi deltakar som kom med tog frå Geilo. I månadane som kjem er det fleire NM, og ope NM er på heimebane i Ulvenvegen.

I februar er det NM for lag (3 spelarar per lag) i Oslo, den første helga i mars er det ope NM i 14-1 i Os sin salong i Ulvenparken.

Seinare i mars er det NM for kvinner og NM for junior i Trondheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.